- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
394

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein ung Gut tala for Kvinna; Skaal for at Kvinna maatte
forstaa oss! Georg Jonathan sagde med eit høgt, skarpt
Maal som vart høyrt: ho vilde lære aa forstaa oss,
dersom ho var her! «Nei! nei!» vart det ropa; her vilde
dei ikkje hava henne.

Han ved Pianoe — Nils Bugge vart han kalla — spéla
og song.

«Eg veit ei lita Gjente ja, eg kjenner ’a so vel,

eg veit ei lita Gjente nord i Skogen»;

men han fekk ikkje synge ut. Eit gnelt Maal ropa: «lat
oss naa faa noe lidderli! Og strakst kom fleire; «ja! ja!
noe lidderli!»

Nils Bugge gjekk fraa Pianoe. Det var ein som sagde
til han: «Herregud, kann Di ikke synge den som Di
lærte paa Eksermoen ifjor; jeg har hørt Di har sunget
den før.» Men Nils Bugge forsikra at han song ikkje
den Visa lenger. «Jeg sang den noen Ganger,» sagde
han; «men hver Gang var det som der var overgaaet
mej en Skam.»

Av dette vart det Ordskifte, so at ein som freista med
«noe lidderli» laut slutte. Nils Bugge vart heilt upp
vond: «man kann holde sej ren!» skreik han. Gabriel
Gram, som no sat ved Borde og drakk Champagne,
snudde seg og spurde um Herr Bugge kjende nokon
normal ung Mann som han trudde var rein. «Jeg er
ren!» svara Nils Bugge °g rette seg upp; han saag paa
Gram med stolte Augo. «Ja men er Di normal ?» spurde
denne dauvt; han drakk meir Champagne. Bugge visste
ikkje kva Herr Gram meinte med normal; men det visste
han, at han upp gjenom Aari hadde ført ein Strid med
seg sjølv so hard, at han hadde loti brüka all si Magt;
og endaa hadde det ikkje vori meir enn han klara det.
Mang ei Natt hadde han ikkje tort leggje seg, men hadde

394

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0396.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free