- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
395

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

drivi att og fram paa Golve som galin; han hadde havt
det so vondt at han kunde ikkje fortelja det; men han
hadde alltid havt det for seg, at han ikkje vilde gjera
noko som han sidan skulde trega; og han hadde vunni;
han hadde vunni! «Skulde det være saa’n Moro aa
gaa sine beste Aar bort i Strid med sej selv?» sagde
Gram. Nei, svara Bugge; men ein vart Mann av det!

Ordskifte vart ned-døyvt med Skravl og Skraal og
ufjelge Visur; Georg heldt ikkje ut lenger, men gjekk.
Nils Bugge fylgde; «nu er Bunden naaet,» sagde han.
Midt paa Golve stod ein høg bleik Fyr og heldt politisk
Tale; med seint, rolegt Byraakratmaal forsikra han, at
Hs. Maj. Kongen «ubetinget havde absolut Veto i
Grundlovssager»; han «maatte med den største Bestemthed
fastholde som et afgjørende Moment–»

I den Stundi sovna Minne for Gabriel Gram; Minne
og Umtanken. Berre ein liten Flekk i Heilen hans vakte
enno.

Paa den Flekken steig det fram eit Bilæte: eit lite
ljost, koselegt Rom med raude Veggir, og i det Romet
ei Gjente i kvit Nattbunad.

Han reiste seg av Stolen; fann ein Hatt som ikkje
var hans; gløymde Yvi-Skorne og rusla.

Som ein Ring i eit Tryne drog det fagre Bilæte ’n av
Stad; trygg som ein Svevngangar tok han Vegen
ned-yvi til Vika.

Det hadde sliti og regnt litegrand; no blés det vaatt
og svalande. Men Vaar var i Lufti; i Morgo maatte
det vera Sumar. Maanen var høgt uppe og klaar; Skyine
dreiv yvi Himilen graakvite og hastande som Røyk av
ein Verdensbrand. Gabriel Gram sjangla litegrand
stundom, men visste det ikkje; han tenkte aldri det Grand,
og hugsa ikkje lenger att-ende enn til sine eigne Hælar.

Fullt av Folk var det all Stad; men det gaadde han

395

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0397.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free