- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
396

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

knapt. Heldt berre fram, Gate etter Gate og Smog etter
Smog; rett som det var stod han ved Troppi.

Det var ei Utanpaa-Tropp; ho gjekk beint fraa Tune
upp-aat Lofte. Den stavra han upp-gjenom med stort
Stræv; Kroppen var vand aa styre; men upp kom han.

Han gjekk inn gjenom ein Gang; der var kol-svart.
So kom han til ei Dør; der stansa han og lydde eit Bil.

Der var Mannfolk inne. Eit lite svevnugt Maal som
han maatte ha høyrt fyrr, sagde med halvdansk Ut-Tale:
«vil du prøve Kærligheden.»

Han banka; ei Gjente i kvit Nattbunad kom og glytte
paa Døri. «Blir du snart alene, Emilie?» spurde han.
«Ja, nu ska je snart faa dem ut,» svara ho; «kann du
ikke komme igjen? Kom igjen om en Stund! kom igjen
om en halv Time!»

Han s jaka i Veg att; banna halvhøgt; stavra ned
Troppi med stort Stræv; gjekk ut gjenom eit Portrom
og var paa Gata.

I alle Vindaugo var Ljos; alle Stadir var det
Mannfolk. Han banka stundom, men fekk alltid same Svare:
«ikke alene.» «So dra til Helvite.»

Kvar han gjekk og ikkje gjekk, kom han alltid
attende til dei same Stadine, og fekk all Stad same Svare.
Og sliks Slag kunde det vera.

Folk var det all Stad; inne og ute. Han raaka Flokk
etter Flokk; dei rødde og lo eller song og skreik;
Konstablane hadde Paalegg um aa bruka Konduite i Dag;
det var den syttande. Men stundom kom einslege Fyrar
vandrande, med Hatten ned i Augo og Kragen uppbretta;
det var slike som visste kva dei vilde, skikkelege Folk
med «reelle Hensigter» ....

Det livna so smaatt i Hovude paa Gram. Den vakne
Flekken vart større og større, og han tok til aa faa
Idear. Huff, alle desse Ægtemennar og Festemennar,

396

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0398.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free