Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som snikte seg um her paa forbodne Stadir med Halen
millom Knei; aldri i Verdi vilde han vera i deira Skinn.
I Morgo fekk han ein fæl Dag; han visste det nok. Men
det gjorde ikkje noko; slikt hadde han klara so mang
ein Gong.
— «Ikke alene.» «So dra til Helvite.» No vilde han
heim.
Han tok til aa faa Augo upp; og han saag Folk som
han kjende. Fleire som han kjende. Fine unge Gutar,
og skikkelege eldre Herremennar, som visst aldri vilde
vera ved um Dagen, at dei hadde sett sin Fot her. Men
det gjorde ingenting. ’Naar han raaka deim att, skulde
dei ikkje sjaa ein Smil um hans Munn; og han visste,
at dei vilde vera likso finfarande mot honom. Og so
vilde alt vera ein Draum.
Gram fekk ein Tanke; «Varulvar», sagde han. Det
var ein god Idé. Ein kunde skrive ei Bok um det.
Varulvar. Hm. Vene Gutar um Dagen, Varulvar um Natti.
XII.
Helene flutte ein Dag i Slutten av Mai.
De reiser vel heim? spurde Georg.
Nei, svara ho; det var det siste ho vilde gjera.
Hadde ho ikkje Foreldre?
Ho svara at ho hadde ei Mor; men det var Mori som
minst maatte vita at dette var hendt henne.
Men kannhende Helene hadde ein ho kunde gifte seg
med?
Nei; ikkje no.
Ho hadde vori trulova eit Par Gongir; og den fyrste
Gongen visst. Det var heime, det. Men dei hadde vori
unge den Gongen; og ingin av deim hadde aatt noko; so
skulde ho til Byen aa tene, og han skulde vera paa
397
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>