- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
398

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Prestegarden og tene; men der fann han ei halvgamal
ei som aatte tredive Dalar og Helvti i ei Ku; og so tok
han henne.

Men den Fyren som hadde ført henne i Ulykke, han
kunde vel hjelpe henne?

Haa-haa nei. Det høyrdest mest som ho lo.

Ho visste altfor godt med seg sjølv, kor stor Hjelp
ho kunde vente av Studenten. Han hadde vori her for
eit Par Dagar sidan. Kom luskande som han hadde
gjort noko vondt. Aldri hadde ho set slik Modløyse
paa eit Mannfolk. Det var so ho hadde vondt av han.
Og han tagg og han bad paa sitt arme Liv, at ho ikkje
maatte gjeva upp honom til Barnefar. Ingin maatte
vita um dette. Han var ein øydelagd Mann, dersom
Folk fekk Tak i det. «Di har vel alltid nogen annen,
som Di har vært sammen med?» hadde han spurt. Det
var ho vond paa han for enno.

Men stakkars Gut; det var ikkje greidt; han hadde
ein Prest aa svara fyri. Ho hadde tott Synd um han
og lova so halvt, at naar han vilde hjelpe til det han
kunde med aa faa Barne uppfødt, so kunde vel alltid
ho dikte upp ein Far. Det kunde ikkje skilja nokon.
For henne sjølv vilde det endaa vera best; det var
større Skam aa gjeva upp ein Student, daa alle maatte
vita at ein Student kunde ho aldri ha havt Von um aa
bli gift med.

— Nei; ho tok det uppatt; av Barnefaren kunde ho
ikkje vente Hjelp. Han vilde nok halde seg ifraa.
Stakkars Fyr; han hadde visst nok med seg sjølv, han.

Georg saag paa henne som ho der stod, graableik og
stiv, med turre, taarelause Augo; han undrast paa, kvar
i Verdi Menneskje tenkte aa gjera av seg.

Kven Syndaren var spurde han ikkje um. Men av
det ho sagde fekk han den Tanken, at det vanskeleg

398

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0400.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free