Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunde vera Teologen. Kunde det hende, at hans snilde
Systkenbarn for fyrste Gong i sitt Liv hadde sett i han
ei Lygn?
De hev ingin aa halde Dykk til? spurde han.
Nei.
Og ikkje Pengar.
Jau, ho hadde att eit Grand i Spareskillingsbanken
av det som ho hadde sett inn i den Tidi ho tenkte paa
han i Prestegarden.
Med ein Gong kasta ho seg flat ut-yvi Kjøkbenken og
hikstegråt.
Men ho reiste seg og sveide Graaten strakst.
Jau; ho hadde ein aa halde seg til, sagde ho. Det var
ein som heitte Juberg. Han hadde leigt Rom til henne,
og lova aa skaffe henne noko Saum; og sidan skulde
han nok finne ein Plass til henne, hadde han sagt.
Juberg. Jaso. Men same Herr Juberg var ein Fyr
som ho ikkje skulde hava noko med.
Ho svara, at ho fekk nok Tid til aa hava med han.
Her var ikkje onnor Raad. Dessutan, det kunde vel vera
det same kva Veg det bar med henne, slikt Svin som
ho var.
Georg fekk ei Sinne-Rid. Ja visst, sagde han! De er
eit vaksi Menneskje og eit friskt Menneskje, og so er
De eit Svin. All right; far til Helvite! — Han gjekk
fraa henne, raud i Skallen.
So drog Helene. —
Ho skulde bu paa Grønland, hjaa Madam Paalsen.
Det var ei Kjering som livde av aa taka imot slike.
Ei snild Kjering skulde ho vera, hadde Juberg sagt.
Ho var knapt yvi 30; der var enno noko i Andlite som
var friskt. Naar ho tala, smilte ho, endaa ho hadde
misst eit Par av Framtennane. Ho hadde eit brusti blidt
Kjeringmaal og var urimeleg søt i Ord; Helene lika
399
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>