Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
henne ikkje. Men Madam Paalsen tok paa seg all Ting;
alt skulde ho greide. Ja ho skulde skaffe Barne baade
Far og Mor, um «Jomfrua» ynskte det. Helene svara,
at det fekk ho tenkje paa.
Sjølv hadde Madam Paalsen Huse fullt, tvo i eit Rom
og ei i eit anna; men i Bakgarden budde ein Skomaker,
som ho fekk laane ei Stogu av. Skomakaren hadde
misst Kona si, so no kunde han hjelpe seg med
Verkstaden aaleine; den kunde vera baade Stogu og
Soverom og Kjøk og Verkstad. So fekk Helene Stogo
ovan-paa. Ei Tretropp førde beint fraa Tune og dit upp.
Gjenom ei Ytredør som ikkje var til aa faa att kom
ein fyrst inn i eit laagt Rom, innreidt til aa vera
Bustad; der var Komfyr, so det kunde vera Kjøk; og der
var Bord, og Rom til Sengir; paa Veggen hekk «Den
gode Hyrde» og «Die Hoehzeit». Fleire Glasrutur var
utslegne; men endaa var der ufriskt; der var ein Tev
som minte um Gamalost. Fraa dette Rome kom ein
gjenom ei skral Dør med ubrukelege Laasgreidur inn i
den Stoge som Helene skulde hava. Der var snart-sagt
hyggjelegt. Der var endaa Sofa, ein stor Sofa klædd
med svart Skinn, og ei Stoguklokke som stod, og eit
Kraaskaap, og ei urimeleg svær Seng, stoppslitne Stolar
stod her og der; paa Veggen hekk Prinsen av Wales
og Carl XV med baade Glas og Raamur.
Lufti var ikkje god; Kona til Skomakaren hadde døytt
her, og dei hadde røykt etter henne med Svovel. Men
sidan hadde dei lufta heile Tidi, forsikra Madam
Paalsen; og dersom ein vilde brenne eit Gran
Røykverks-papir so ender og daa, so vart her reint godt.
Helene sat for opne Vindaugo all Dagen og sauma,
mest for Madam Paalsen. Dei andre Gjentune som
budde der hadde ho ikkje noko med. Dagen etter at ho
var komi vart ei av deim usams med Madam Paalsen;
400
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>