- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
401

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og so stod desse tvo ute i Tune ei lang Stund og
skam-skjelte kvarandre. Gjenta reiste; ei ny kom att.

Det var jamt Uvenskap dernede. Um ei Stund reiste
ei Gjente til; Kjærasten kom og tok henne med seg;
det var ein fin Kusk. Men Madam Paalsen trudde ikkje
at Kusken var den rette Kjærasten; og daa dei drog,
svor ho seg inn i Helvite paa, at ho skulde nok faa
Greide paa deim.

Ei Vaskekjering gjekk i Huse; ho og Madam Paalsen
var i vill Uvénskap. So kom Vaskekjeringi til Helene
og fortalde alt det verste som var um Madam Paalsen;
og so kom Madam Paalsen og fortalde alt det verste
som var um Vaskekjeringi. Ein Dag kom dei upp baae
tvo og vilde ha Helene til aa avgjera, um Vaskekjeringi
hadde Rett til aa kalle Madam Paalsen eit gamalt L—,
naar Madam Paalsen, Fanden slite, ikkje hadde gjort
anna enn det og det. Men Vaskekjeriingi forbanna seg
paa, at Madam Paalsen hadde gjort det som verre var;
og Striden vart slik, at Helene berre laut sjaa aa faa
deim paa Døri.

Nede i Verkstaden sat Skomakaren og trætta med
Sveinen sin, som han ein Gong i Sinne hadde kalla Tjuv.
Sveinen hadde ikkje meir enn eit Vitne. Men so kom
han upp til Helene ein Kveld og spurde, um ho ikkje
hadde høyrt so mykje no, at ho kunde vitne; for daa
skulde, Fanden ruske, Meistaren for Polisen. Um
Kveldane kom Skomakaren heim full; daa gjekk han der
nede halve Natti og tala høgt med seg sjølv og banna.
Ein Gong imillom banna han «det Tøyserie ovanpaa».
Ettersom det leid lenger utpaa, gav han seg til aa rangle
jamt; daa kom han süme Tidir heim med ei Gjente som
han sagde han skulde gifte seg med. Var han daa god
og full, so kom han upp-til Helene med Gjenta; han
vilde sitja der, sagde han; Stogo var hans; og han

26 — Garborg I.

401

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0403.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free