- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
402

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjorde med Stogo som han vilde, like Fanden feitt kva
slike «Grisetøser» sagde. Daa laut Helene røme ned til
Madam Paalsen.

Det verste var at det var so varmt. Ho sat og sveita
all Dagen. Fullt av Flugur var det ute og inne; dei og
Varmen gjorde at ho ikkje fekk sova um Nætane. Ho
var sjukleg jamt, hadde Tannverk og vondt i Hovude
og Ule; Mat fekk ho sjeldan ned. Ynkeleg rædd var
ho det ho hadde i Vente; tenk om ho skulde døy. Der
var mange som døydde av det; helst naar det var fyrste
Gongen.

Av mange Ting skyna ho, at ho galdt for noko
fram-ifraa der i Huse, av di ho var so rædd for seg. Det
maatte vera ein høg ein som var Far til den Ungen,
ettersom alt skulde gaa so stilt og løynt.

Juberg var hjaa henne ein Dag; «synes Di ikke Di
bor noksaa bra her?» Aa, ein kunde vel ikkje vente det
betre, svara ho. Han baud henne Arbeid eller Pengar,
og tala um ein svært snild Mann som ho kunde faa
Plass hjaa, ein einsleg Herre. Strakst etter kom Georg
Jonathan. Han vilde laane henne Pengar sjølv, sagde
han, dersom ho jaga fraa seg Juberg. Det gjorde ho
meir enn gjerne; og daa Juberg næste Gongen forstod,
at ho klara seg utan honom, banna han og gav vondt.

«Men vi træffes nok igjen,» var det siste han sagde
til henne.

Smaatt um Senn vande ho seg til Live her. Og ho
lærde aa bite fraa seg. Vart Madam Paalsen vill, kunde
Helene segja henne Sanningi so ho tagna. Og naar ho
kom og vilde laane Skillingar, som ofte hende, svara
ho nei. Skomakaren gav ho paa Tranten ein Kveld, so
han ikkje kom att oftare med den Fillefyrkja si. So
vart det svalare i Vére; og Helene kom seg so smaatt.
Siste Helvti av Juli var det regnlegt og svalt; det meste

402

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0404.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free