Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
av August like eins; og so kunde ho koma ut ein Gong
imillom no, daa Kveldane tok til aa myrkne.
Ho fekk barnvondt ein Laurdagskveld i Fyrstningi av
Oktober. Jordmor sende Madam Paalsen Bod etter; ho
var halvfull daa ho kom. Helene hadde vondt yvi all
Maate. Det var ikkje berre det med Barne, sagde
Jord-mori; det var noko anna attaat; og det einaste som
kunde hjelpe for det var Brennevin. Der var ei Gjente
i Huse som hadde ein Skvett Konjak; men det vilde ho
ikkje vera av med; det var ikkje aa faa att fyrr um
Maandagen no. Helene stridde igjenom ei fæl Natt.
Daa Morgonen kom, og ho ikkje kjende seg god til aa
halde ut slik Pine lenger, fann ho paa aa sende Bod til
Georg etter Konjak. Han hadde ikkje; laut ut og laane;
langt um lengi fekk ho det vesle han torde sende; det
meste gjekk elles i Madam Paalsen og Jordmori. Mot
Kvelden kom Barne. Det livde, men saag skralt ut;
Jordmori sagde: «jæ tænker det er best vi døyper dæ’,
jæ.» So døypte ho det. Det skulde ha heitt Hilda etter
Helene; men Jordmori tok i Miss og sagde Gunda. Det
kunde elles vera sliks Slag.
Helene laag lengi. Ho hadde ikkje so vondt nettupp;
men ho tottest tydeleg kjenne, at det var noko som den
hardhendte Jordmori hadde rivi i sund i henne. Og
ynkeleg kraftlaus var ho. Daarlegt Tilsyn fekk ho av
Madam Paalsen au, so det var eit Under at Live hekk
i henne. Endeleg kom ho so vidt, at ho kunde vera
uppe ei Stund um Dagen; sidan gjekk det fort fram.
Barne stelte ho etter sitt beste Vit; og det saag ut som
det skulde faa liva. Det var svært rolegt og stilt. Snild
Gjente; skreik gjorde ho mest aldri.
Helene var glad i Barne sitt; der var Selskap i det.
Naar ho var uppe sat ho og sauma paa Barneklædi,
men helst paa Daapsskjorta; og dette Arbeide var hyg-
403
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>