- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
404

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjelegt. Ender og Gong gjekk ho burt aat Sengi og
saag etter um Barne sov. Og Barne sov mest alitid.
Daa kunde ho kjenne seg glad; og ho bøygde seg ned
mot det sovande Andlite og sukka; ja, sov du,
Stakkaren! du skal ikkje lide vondt, so lengi eg kann hjelpe
deg.

Men so var det det, at ho snart laut tenkje paa aa
faa Barne burtsett. Det gjekk ikkje for henne aa liva
lengi paa denne Maaten; ho fekk dertil stræve for tvo
no. So sat ho og braut Hovude med, kvar ho skulde
gjera av vesle Gunda; men det var tunge Tankar; for
det var ikkje sagt korleis Gunda fekk det, naar ho kom
til framande.

Naar Helene sat og tenkte paa dette, kunde ho bli so
sorgfull og leid av seg at ho grét. Aa nei, nei, at ho
skulde ha vori slikt eit Svin; at ho skulde ha stelt seg
so ulikleg. No fekk ho svide for det; og anna kunde
ho ikkje vente. Men so gjekk ho burttil Gunda og
kviskra til henne, og kjælte for henne og sagde at ho turvte
ikkje vera rædd. Du skal ikkje lide äv di eg hev fari
stygt aat, sagde ho.

So var det ei Natt ho vakna, og Gunda var so
underleg. Skreik gjorde ho, men paa slik ein rar Maate;
skjelvande, forpint; og ho laag og bibra og vreid seg;
og Andlite var myrkeraudt og stygt; Munnen drog seg
att og fram som i Laatt; men Augo gjekk rundt og
rundt og var liksom ville. Helene vart daudskræmt.
Ho flaug upp; kvar i Guds Namn skulde ho av; ho tok
i si Hjartans Naud Barne paa Armen og gjekk att og
fram paa Golve med det og byssa og vogga det og grét;
Barne var sjukt; Barne vilde døy; men her gjekk ho,
eit stakkars Kvinfolk, aaleine midt paa Natti. Ingin
Stad aa koma; ingin hadde ho aa sende. Og Barne
skreik, verre og verre, og rulla med Augo liksom i

404

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0406.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free