- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
405

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Rædsle; Andlite vreid seg; Munnen lo so uhugleg stygt;
forskræmd traava ho Golve att og fram; lagde Barne
ifraa seg og tok det att; freista aa gjeva det Flaska,
men det tok ikkje imot; lagde i Omnen so det vart
varmt; endeleg gjekk Ridi yvi.

Tidleg um Morgonen fekk ho Bod etter Doktaren. Um
eit Par Timar kom han. Jah. Det var Krampe. Svært
Tilfælle for Resten. Fekk gjeva Barne dette som han
no skreiv upp, og so stelle det godt; han skulde koma
att i Ettermiddag. Kunde det liva? Mm —; fekk sjaa.
Svært Tilfelle. Godmaarn.

I tvo Dagar heldt det paa. Um Kveldane og Nætane
var det verst; men ein kunde aldri vita naar Ridine
kom. Og naar dei kom var det so jammerfullt fælt.
So fælslegt som Barne maatte lide. Det var so Helene
kjende Hjarta slite seg sund i henne; og ho kunde ikkje
hjelpe; ho saag denne syrgjelege Naudi; ho saag det
alt, men kunde ikkje hjelpe; ikkje Doktaren heller, og
ingin, ingin; men Vaarherre vilde ikkje. No fekk ho
Straffi. Aa, ho var Skuld i alt ihop; og naar ho saag
Barne inn i dei stive rullande Augo, saag ho tydeleg at
det ikkje brydde seg um henne meir. Men naar
Munnen drog seg upp til liksom ein stiv, stygg Smil, var
det som Barne vilde segja: du heldt Moro du; men no
fær eg svide. Og Madam Paalsen stod yvi Sengi og
skreik. Det døyr! det døyr! skreik ho; Dere kan daa vel
sjaa at det døyr!

Helene hadde vakt ei halv Natt og ei heil; og no kom
den tridje. Madam Paalsen orka ikkje meir; ho hadde
vori uppe heilt til Klokka 1 Natti fyrr; no var ho trøytt.
Dessutan var Barne rolegare i Kveld. Det laag for det
meste og dorma; og naar Ridine kom var dei ikkje so
vonde; det einaste var den Hosten; denne skrikande
stygge, Hosten; men Barne døydde vel ikkje av den.

405

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0407.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free