Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
glad. Ho lagde dei smaae Hendane ihop yvi Bringa paa
det; retta paa Hovude som laag lite til den eine Sida;
og so sagde ho: «sov no i Jesu Nam.» Men til Jonathan
sagde ho: det gjer vel det same um det ikkje fær
Salmebok? Jonathan nikka. So tok ho ein kvit Lereftsduk
og Lagde yvi Like; men ho stod ei Stund og saag paa
det, fyrr ho breidde yvi Andlite.
Georg gjekk. Det var som eit Bad aa koma ut i Lufti;
aldri hadde frisk Luft smaka so godt. Han tok ein Tur
ut Ljabrovegen, og drakk Luft med opne, geispande
Lungur.
Dauden var stygg. Han hadde berre set eit Barn døy;
men endaa gjekk han her og var elgin av det. Dauden
var stygg; og Live kunde me ikkje greide meir enn me
var Ungar.
Fjorden smøygde seg ut millom Øyane graa og kald,
ventande paa Vinter. Det grydde Morgon yvi
Aust-fjelli. Um ein Time eller tvo skulde Folk upp og lide
og stride paa nytt.
Han snudde, full av Uhug. Eit Par Natteranglarar
kom slengjande, ut-rekne og leide, med raude Augo og
gule Drag. Det vakna ein litin lett Morgongust, for
veik til aa faa Flaum i Lufti.
Yvi Byen laag ei stygg brungraa Skodde og velte og
vreid seg som Gov ifraa Helvite.
XIH.
Paa den øvre Sida av Dalen, i breide, rundkvelvde
Bakkar, laag Bygdi med spreidde Smaaflokkar av graae
Hus.
Paa den andre Sida stod ei tung, millomhøg Fjellrad,
som midt for Bygdi samla seg til ei Høgd, Dalskletten.
Tunn vaksne Lidir tøygde seg frametter F j elie. Ovanum
412
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>