- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
413

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kletten skar det seg inn ein Sidedal; der sterkna Lidi
til og vart Skog.

I den tronge Dalbotnen smøygde seg ei Aa i fleire
Armar, halvgøymd under høge Aabreddir, som her og
der var tilgrodde med Vier-Runnar og anna smaatt.

Nyvegen drog seg flat og fin upp Dalbotnen
langsetter Aadrage; tett ovanfor den laag Kyrkja. Det hadde
eingong vori ei Langkyrkje av Stein; sidan var eit
Tverskip av Tre tilbygt; eit lite Torn reid midt yvi
Krossryggen. Like ved Kyrkja laag Prestegarden, som
var ein Landsby av smaae Trebygningar; Heimehuse
var stort og tvihøgt, gammalldagslegt, kvitmaala, tekt
med Torv.

I Sümarglans og Sümareim hadde Laurits fari fraa
Hovudstaden; her uppe var April. Det dreiv med eit
smaatt, surt Regn; lite grønt var aa sjaa; Aai svall
urolegt i det tronge Faret sitt.

Paa Prestegarden tok dei godt imot han; det vanka
endaa eit Glas Toddy um Kvelden, og heile Huse samle
seg i Storstogo. Presten førde Orde. Det var ein
ga-mall snild Mann, godsleg og utan Braak; den magre
Kroppen var bøygd av Aari, og Haare hans var tett og
kvitt som paa ein Kanin. Fruva sat breid og blid yvi
ein Bunding og spurde nytt fraa Kristiania; paa Hovude
hadde ho ei underleg gamalldags Huve, og Andlite var
rundt og flatt som ei Klokkeskive. Den eldste Dotteri,
Bine, sat og tagde og hekla; ho var halvgamall og stygg.
Ein vaksin Son, Kristian, som laag heime no for Tidi
og var sjukleg, gjekk att og fram paa Golve og høyrde
paa; det han sagde eller spurde um, fall gjerne eit
Grand underlegt i Samrøda, halvt utanfor.

Laurits var ikkje glad. Etter Morbror Brochs «Raad»
skulde han liggje her i eit heilt Aar. Og kannhende
lenger. Det skulde vera so godt for han aa faa «vera

413

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0415.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free