- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
414

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i Ro» ei Tid, hadde Broch sagt. Det kom fram i sjølve
Samtala, at Laurits var i Ulag; Presten kom med noko
som smaka Politik; strakst tok Laurits Tilføre til aa
fortelja, at han var Vinstremann. Dei kunde hava godt
av aa vita dét. «Er det sant at Kongen er saa sint paa
Sverdrup?» spurde Kristian. Presten vart tidleg trøytt;
dei kom i Seng Klokka halv 10.

Sundagen etter var Laurits i Kyrkja, vilde sjaa
Fjell-bøndane. Han lika deim ikkje; i sine tunge
Vadmaals-plogg, med breide Kjakar og smaae Skallar, med altfor
ljose Augo og inginting til Nos, saag dei for honom ut
som dei ikkje hadde arbeidt seg heilt ut or Dyrehamen.
Minst lika han Kvendi. Tenkje seg aa elske slike tunge
raudleitte Drunsedrosir med store runde Andlit, som
var so friske at det blenkte i deim. Presten hadde ein
ven Maate aa tala paa; det kom so rolegt og mildt; men
store Talegaavur hadde han ikkje.

I den øvste Stolen paa Mannfolksida sat Lensmannen;
det var ein gamall graa Bonde. Klokkaren, som hadde
ein Stol for seg sjølv, var ein høg, stygg Mann med
Andlite yvigrott av Skjegg og dei smaae Augo djupt
innunder Pannebrunine. Han song so det skrall; han
laut gjera ein Stans for kvar Strofe, daa Folke alltid
kom noko etterpaa.

Heime i Huse saag ein ikkje stort til Presten; han
sat paa Kantore jamt. Ved Middagen eller um Kvelden
fortalde han gjerne nytt fraa Bladi, men ikkje noko
politisk, naar Laurits var inne. Derimot kunde han tala
um kyrkjelege og moralske Ting. Det hadde vori ein
Strid i Vinter millom Professor Thorne og
Folkehøg-skulelærar Meier um Ægteskape; Spursmaale var, kor
mykje «den ved Kristendommen rensede og helligede
naturlige Kjærlighed» skulde ha aa segja i den Sak.
Presten fann at det var eit uklaart Spursmaal; Laurits

414

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0416.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free