- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
415

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kom til aa smile. Daa Presten saag paa han, liksom
spyrjande, sagde Laurits paa godslegt men turt
Kris-tiansandsk: «Det er nok Teologi, dette.» Sidan fortalde
ikkje Presten noko fraa Bladi, naar Laurits var inne.

Der var faamælt i Huse i det heile. Dei unge gjekk
stilt med sitt; og det var visst sjeldan at Presten og
Frua tala saman. Kva skulde dei tala um. Eit heilt
Liv hadde dei livt ihop; dei maatte kunna kvarandre.

Frøkni livde for den sjuke Bror sin. Han hadde det
nok ikkje godt; Lesing og Elskhugssorg skulde ha
sprengt Hovude hans; ho vilde faa han til aa søkje
Jesus. Gamle Frua au livde for Kristian. Tidleg og
seint var ho etter han med god Mat og styrkjande
Drykk, og fann paa alt som ho tenkte han kunde like.
Han var grettin for det meste, naar ho vilde gjera det
vel; «jeg er jo ikke syk, jeg!» grylte han, eller; «hva
ska nu egentlig alt dette nytte.» Naar han hadde sine
vonde Ridir og gjekk og tagde eller rødde med seg
sjølv, var den gamle Kona paa sitt Liv; ho var nok
rædd han skulde gaa av og gjera seg noko. Men det
maatte ingin forstaa.

Ein kunde segja at det var Stoguklokka som førde
Orde inne; ute paa Tune var det Hønsi. Naar Mette,
Husmannsgjenta, var paa Garden, kunde ein stundom
høyre Laatt her eller der.

Laurits arbeidde med Emil, som var lite kvik av seg,
og med Bøkane som fall keide her uppe, og vantreivst
i all denne Ro. Daa han høyrde at Klokkaren var
Vinstremann, tok han til aa søkje honom. Prestefolke lika
det ikkje, det saag han; men det fekk vera det same;
og Morbror Broch kunde ha godt av aa høyre slikt; det
vilde korte paa «Forvisningstiden».

Kvar Torsdag fekk han Brev fraa si Festemøy,
Dagmar; det var hans store Trøyst. Saart og sutefullt

415

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0417.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free