Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sakna han henne; det var so det sleit i han av Lengt;
men Brevi døyvde og svala, og um Torsdagen var Guten
glad. Tanken um Helene var det einaste som gjorde
denne Gleda uheil; og Dagmar sjølv minte han um
Syndi hans. Ho skreiv um, at Mennane sette Kvinna
laagt, og at dei truddest hava Rett til alt imot henne.
Eit Krav um at me skulde vera ærlege og sanne mot
kvarandre hadde ho uppe so jamt, at han var rædd ho
kunde ha høyrt noko. Men det var nok berre Bøkar
som stod henne for Hovude enno; det kom ut so mykje
rart no; og i alt skulde ho fylgje med.
Ho skreiv svært aalvorsamt; Skjemt og
Elskhugs-drøs hadde ho lite av. Men ho hadde sagt at det skulde
vera so. Naar ein trulova seg, var det ikkje for Moro;
det var for aa hava ein til aa samtala med um sine
Livsspursmaal. «Gaa op i det at være forlovet» vilde
ho aldri. Det var modigt av ei Dame aa skrive som ho
skreiv tidt; men ho vilde vera modig; og det skulde
sjaa ut som ho hadde Greide paa baade det eine og det
andre. Men Laurits vart glad, naar det kom Ordlag
eller Spursmaal som viste, at ho skreiv um det ho ikkje
forstod. Ho vart so elskeleg for han, naar ho kom til
aa vise seg eit Grand barnsleg; og svært godt lika han
seg, naar han kunde forklaare for henne Ting som ho
ikkje visste; men han fekk høyre eit Par Gongir paa
halv Skjemt, at han var «mannfolkvigtig». Ein Gong
spurde ho um noko som ein ikkje med det gode kunde
forklaare for ei ung Dame, som han sagde. Ho nemnde
ikkje Spursmaale meir; men ho harma seg yvi at Kvinna
inginting maatte vita. «Der kan vi se, hvor meget I
respekterer os,» skreiv ho.
Ut-etter Vaaren jamra ho yvi at det var langsamt;
alt Folk drog fraa Byen, og her var so lite aa taka seg
til. Ho umsette for eit Blad ei Utgreiding um Kvinne-
416
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>