Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
saki fraa eit amerikanskt Tidsskrift; men kven las vel
sovori. Det einaste som gav henne noko aa tenkje paa
var dette med Frida Westgaard; «den Slyngel Falch»
hadde sagt henne upp; og endaa hadde visst ho vori
trufast nok; det hadde ikkje vori anna enn Smaating i
Vegen, som maatte kunna lati seg skipa, um Viljen
hadde vori god. Laurits tok Trøyst av dette. Ein
skulde ikkje skilja Lag med Gjenta si for Smaating
Skuld.
I sine Fristundir arbeidde han paa eit Dikt til henne;
det skulde vera i høg Stil, Vers etter græsk Mynster.
Men det skulde vera fullt av Glede; og det var liksom
so faae Ord for den. Kom det eit Brev fraa henne med
eit varmt Ord i, so gjekk det lettare.
Men det absolute Veto gjorde seg breidare og
brei-dare i dei fine smaae Brevi; og snart kom dessutan
Spursmaale um Tru og Tvil. Det var forkynt i Byen,
at me skulde tala um Tvilen vaar; og Dagmar tok i
Veg strakst. Laurits kom i Knipe. Trui var ein Ting
han hadde tenkt lite paa i si Tid. Han hadde elska Zevs
og lati Katekisma gjelde. Men no maatte han til; han
tenkte det beste han kunde; og det kom Tvil so tett
som Flugur om Hausten.
Sæl var han, som hadde funni slik ei Møy; det var ho
som skulde gjera han til Menneskje. Utan henne hadde
han gravi seg ned i gamle Bøkar; klassiske Diktarar
hadde alltid vori hans Liv. Dei saag so beint paa Verdi
dei; gamle Homer kunde han lesa seg glad paa.
Dersom han so hadde funni ei Gjente som var hyggjeleg
og snild og kjærleg og kvinneleg, so hadde han vorti
so sæl at han aldri hadde spurt etter meir. Gudskjelov;
han var vakt; Dagmar lét ’n nok ikkje dovne burt yvi
Homer, ho.
Men han bad henne hugse, at han hadde Eksamen
27 — Garborg I.
417
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>