- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
418

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for seg. Fyrr han fekk den, kunde han ikkje faa henne;
og dessverre, det var langt fram. —

— Det var som eit Skifte i Live hans der uppe, daa
han ein Dag fekk Brev fraa Georg Jonathan.

Laurits trudde ikkje Georg so godt som fyrr; han
hadde Greide paa det med Julie no, og lika det ikkje.
Men Georg hadde sitt gamle Mod. Han hadde ikkje
bøygt Rygg, fordi um han hadde gift seg.

Ja; no var han gift. Det bar den Vegen med oss.
Me vreid oss i det lengste; me fann paa alle andre
Ting fyrst; men so maatte me til; det var ikkje Raad
med det. Ein Mann skulde vera Forsyrgjar for ei
Kvinne.

Alle hadde talt han ifraa; «og der var mange som
gjorde det bedre end du, Laurits.» Endre Storr hadde
vori vond. «Akademisk Tosk!» hadde han kvesst i;
«disse Studenter er ubrugelige; de gaar med Ho’de
fullt av Begreper!» «En Forretningsmann skal være
ulastelig, uangribelig, like fra Sløifen i Slipse til
Alter-gangskontoen i Ministerialboka!» «Kjærlighed i et
Ægteskab! den slider man ud paa en Maaned, og saa er det
bare flaut efterpaa.» «Ægteskabet er Barna! De gifter
Dem ikke for at faa en Elskerinde, men for at faa en
Søn!» o. s. fr. «Stakkels gamle Herre,» lagde Georg til,
«det om Sønnen er f o r troskyldigt. Naar Gutten er
femten Aar, forstaar han ikke lenger Far sin; ny
Generation! Nyt Jargon, nye Tanker, nye Interesser; Far
er gammeldags, Far er Idiot. Alt vel! Gutten har Ret;
men Gamlen faar svie.»

Det hadde knapt vori for inginting at Storr hadde
teki so i. Han sat i ei god, men stor Forretning;
Mjøl-handelen til gamle Thomas Storr hadde han drivi upp
og vidka ut, so gamle Sveinkallen Thomas ikkje skulde
kjenne seg att her no, alt um det var Kornhandelen

418

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0420.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free