Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
som enno var Hovedsaki. Men i desse Utidir, som Storr
ikkje trudde vilde slutte so snart, kunde frisk Kapital
og frisk Kraft ikkje gjera vondt; og Georg meinte han
kunde ha gjort seg Veg her, um han hadde havt noko
Pengar. «Min Principal synes nemlig om mig; og det
er der ikke noget at sige paa. Jeg kunde netop være en
Mand for ham.»
Men Georg vilde ikkje vera Kaupmann. Det tok heile
ein Manns Tid det; og Georg vilde ikkje som Storr liva
berre for «Sonen». «Hatten af for din Fætter, Laurits!
End om du en Dag ser mig i Storthinget som Fører for
Socialisterne!» So kunde dei andre sitja der og tøve
um Veto og Republik og slike gamle Greidur so lengi
dei vilde.
Dessutan hadde det denne Gongen vori Gjenta, Georg
brydde seg um; og so gjorde han som vanleg sin eigin
Vilje. Og det var han som vanleg glad for. «Der er
dem, som gjør hvad de ikke vil, og stoler paa, at
Vorherre skal klare Knuderne; men de Folk gaar altid
omkring med Samvittighed. Du kjender ikke til sligt, du
Laurits ?»
Ægteskape vilde Georg likne ihop med Elvi Ganges.
Hinduen heldt Ganges heilag, liksom me tala um den
heilage Ægtestand. Men Ganges flaut full av Lik og
Styggedom og var Kjelda til all Hindustans Pest. Og
endaa var han glad for at han var Ægtemann.
Det var so lett aa hava Samfunde med seg. Han var
fri Mann no. Han var so fri at han kunde hava Vénir.
Laurits maatte tru det var ei Komedie aa koma i Lag
med Mannfolk att. I lang Tid hadde han havt denne
Gjenta aa passe, og livt utanfor Verdi. Men det var
ikkje godt for ein Mann aa vera aaleine. Ei Gjente
var ikkje nok. Han maatte hava Manns Lag; elles vart
han ein Styving.
419
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>