- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
420

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Selskapslive var stengt for deim enno; ho hadde stelt
seg so, at alt til Slutt var komi upp. Og det vart stor
Skandale; «glimrende Komedie for mig, som du vil
indse». Men denne Krigen skulde han klara; Endre
Storr hadde han med seg alt. Dessverre; Fru Storr var
ugudeleg fin; ho var Priprietærdotter fraa Lande. Men
endaa skulde det klara seg.

Det beste var, at han no kunde tenkje paa aa faa
Born. Det var noko anna det. Ein heilt annan Ting
var det. Brutalt og stuslegt og utan Høgtid var det
som Naud og Moral dreiv ugifte til; «Natur, Natur,
du alene er Gud!»

Urimeleg klokt hadde dei stelt seg i den Tidi dei
livde paa Frifot; han var ikkje Angelsakse for
ingin-ting. Og alt hadde falli seg so godt «som det pleier at
falde for mig». Men det var Peter Tordenskjold og
Frøken Johnsen og Madam Widstrup og Tenestgjenta
dei hadde havt aa spyrja um Lov, naar dei vilde vera
saman; og mange var dei Kunstir dei hadde funni
paa til aa dylja seg burt med. Peter Tordenskjold hadde
vori verst. «Rigtignok kan jeg lyve som faa, skjønt jeg
ikke er rædd av Naturen;» men ljuge for Peter
Tordenskjold var ein Ting som kravde serlege Gaavur. No
hadde Georg lært det; dei var so upptamde i Lygn
baade Julie og han, at dei naar som helst kunde taka
Doktorgraden. Men det var likevel eit Mas som det var
godt aa vera fri for.

Ægteskape var som Ganges; men det var det einaste
me hadde. Som andre Samfundsbøtarar hadde han meint
at noko var sagt um Ægteskape naar ein sagde at det
var umoralskt; no vilde han segja som Maalaren Blytt:
ein klarar seg best, naar ein aldri tenkjer paa Moralen.
Slik ein Samfundsbøtar skulde freiste paa aa reformere
Banken eller Børsen etter moralske Grunnsetningar; re-

420

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0422.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free