- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
421

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

formere Kreditbanken etter den Grunnsetning: du skal
elske din Næste som deg sjølv!

Men Georg tottest alt kjenne kva Veg det bar. Det
var ikkje det same no som fyrr aa vera saman med
Gjenta si; det hadde fengi denne Usmaken av Plikt.
Ho var ikkje ei fri Kvinne som han vann kvar Dag, og
som gav seg av di ho elska; ho var ei Borgarkone som
hadde teki paa seg den Ting aa vera Mor for Borni
hans, og som med Loven i Hand kunde krevja hans
Elskhug. Ikkje um dei siglde ut Fjorden med «Mylady»
var det det same som fyrr. Dei maatte helst vera tri
no; Nina Bøckmann, som hadde vori glup og gjort seg
Godvénir med Julie, var med deim stundom. Enno var
han glad i Julie; ho hadde ei Magt yvi han som var
naturstridig; men Glansen var gjengin av henne; ho
var ikkje Dame; ho var Dotter av ein Hotelvert. Um
ei Tid kom han til aa elske henne likso «pent og
lidenskapsløst og pligtmæssigt» som andre Ægtemenner
elska desse bundne Kvinnur; han visste det; han kjende
det paa seg. Men han kjende seg angerlaus. Han hadde
forklaara henne Ægteskape; men ho vilde ikkje forstaa.
Ho vilde vera «dydziret». «Ved du, hvad hun har sagt
mig? Hun har sagt følgende Nederdrægtighed:
«egentlig har jeg altid tænkt, at vi skulde gifte os; ellers
havde jeg ikke gaaet med, kan du skjønne».»

Men Georg kjende den som var intelligent nok til aa
forstaa kva Ægteskape var; henne skulde han vori gift
med. Og han kunde ha vori gift med henne, dersom
han ikkje i den Tid hadde vori bundin av nokre
Smaa-gutdoktriner um, at det ein lova, skulde ein halde
o. s. fr., — liksom ein her skulde kunna lova. Men never
mind! Han forstod Ægtemennar som Bøckmann og
andre no; alle gjekk ikkje den Vegen, dersom det fanst
ein likare.

421

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0423.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free