Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Laurits, som trudde Georg til alt no, las dette og
kjende seg moralsk. Det vesle med Helene vart so
ørende lite; og at han vilde vera trufast mot den han
hadde valt seg, visste han.
Men det kom ei Etterskrift, og den handla um Helene.
Der var noko ertande i Maaten Georg fortalde paa; det
var som dette serskilt maatte vera noko for Laurits.
«Jeg ved ikke om det kan interessere Dig,» skreiv han.
Det var greidt at Georg hadde Mistankar; og Laurits
vart skamfull og heit. Kvi hadde han ikkje likso godt
sagt Sanningi. Han slog seg til Ro med at alt laut vera
det same, so lengi ikkje Dagmar fekk Mistankar. —
— Hans meste Selskap var Klokkaren, som var ein
vitug og aalvorsam Mann, noko langrødug. Vetoe var
det han helst hadde for seg. Men stundom fortalde
han um Bygdefolke, som dessverre var lite framme i
det sedelege. Prosenten av uægte Born vart større Aar
for Aar, sagde han. Det vart vel til det at dei fekk
skrive etter ein Utsending fraa Lutherstiftelsen. Presten
var ein god Mann; men han heldt seg vel mykje til
Evangelie, som liksom ikkje vilde bite paa desse
Hardhausane her. Kona til Klokkaren var ung og hyggjeleg,
men tok til aa sjaa kraftlaus ut. Ho hadde tri smaae;
den yngste laag i Vogga. Men det viste seg, at den
fjorde gjekk ho med. Laurits hadde vondt av henne og
ynskte so smaatt, at Klokkaren vilde vera rimeleg og
lata henne kvile eit Par Aar no. Men Klokkaren saag
ikkje ut til aa vera naadig i slike Ting; og ho, Stakkar,
var so tolmodig. Det vart vondt aa gaa og sjaa paa
dette; Laurits drog seg meir ifraa deim.
Bøndane kom han ingin Veg med; han fekk ein
Mistanke um, at dei hadde eit Slags Moro av han. Dei
totte visst at han var rar. Kva skulde han
dessutan tala med deim um.
422
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>