- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
423

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det var Sümar; Folk drog paa Sætrane; i Dalen var
endelaus Ro. Lufti var høg og klaar og minte um
Haust-luft. Aai gjekk halvturr og drog seg i Smaastein og
Sand; Vieren stod etter paa Breddine og sturde reint
aaleine.

I Sümarfritidi kom tvo unge Døtrar heim, Emma og
Anna, og ein Son, Karl, og daa vart det likare. Det
kom eit nyt Lag yvi Prestegarden, noko ungt og
annvint, ei glad Uro som kveikte alle upp. Det var Liv i
dei unge Frøknine, og Hyggje hadde dei med seg;
Presten sjølv yngdest upp i denne Tidi. Millom Døtrane og
Gamlemor var det som ei still Høgtid. Og so snilde som
dei var mot Kristian og mot Bine, Syster si, som dei
fekk med paa baade Moro og Leik. Og der var Leven
og Smaaferdir til Sæters og til Fjells, og i eit stort
Vatn der uppe laag dei og rodde og baska og freista
Fisken. Laurits høyrde til Huse og var alltid med. Karl
var ein stød, aalvorsam Gut, som han lika; Gjentungane
var snilde og greide. Iser var der eit Mas med Anna;
ho hadde all Slags Ting aa fara med, og Rett vilde ho
hava jamt; Laurits hadde mang ei Trætte med henne.
Men dei var gode Vénir i Grunnen; og dei kunde gaa
i timevis og tatle og tøve, liksom det galdt aa fylle
Storthingstidende. Det var ikkje um Kvinnesaki, og
ikkje um Trui, og ikkje um Politiken dessmeir; aldri
eit einaste Ord um dei store Livsspursmaal; dei rødde
um ingin Ting; men Moro var det. Det var so trygt og
unelegt aa vera saman med Anna; ein tenkte ikkje paa
meir daa; alt fall likefram og greidt; men det vart aldri
Tid nok; alltid laut dei skiljast midt i sine
Raadleggjin-gar. Noko framifraa var det ikkje ved henne; ho var
som Folk flest. Eit lite nett Andlit hadde ho, og eit
Par glade Augo som vart aalvorlege for inginting. Store
Tankar hadde ho visst aldri tenkt; det var berre Smaa-

423

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0425.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free