Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
stell ho for med. Men Liv var der i henne; og slikt eit
Lag ho maatte hava til aa stelle i eit Hus!
Frimaanaden var elles slutt fyrr nokon vardest. Og
so drog dei. Heile Huse var ute og sagde Farvel. Og
dei veifta med Lümmeplogg og Hattar og ropa: Adjø,
Adjø, behagelig Tur! Bine, den halvgamle, hadde krabba
seg upp paa ein liten Stein; der stod ho og saag etter
deim og gløymde aa veifte. Det magre Andlite folna og
folna og vart so stygt. Det var som ho stod aaleine
paa Strandi og saag at Baaten rodde fra henne. Og
Taarune rann og rann.
Og so vart alt stilt att. —
— Dagane gleid. Og Vikune fekk Ende; og naar dei
hadde Ende, var dei stuttare enn alt stutt. Det hadde
aldri hendt noko.
Endeleg hende det noko; det kom Brev fraa Georg
— med Kristianianytt, og med noko som serskilt
vedkom Laurits.
Peter Tordenskjold og Frue skulde reise til Italia.
«Hun har Satan lyne mig giftet sig for den Tings Skyld;
det er en forstandig Dame.»
Mark Oliv hadde Revisjonsarbeid for Storr; han
arbeidde til Klokka 2 um Natti. Men der skal Kule til
ein Trønder, meinte Markus Olivarius.
Det var eit Par Folk som lika seg ihop. Der
turv-test ikkje «Lov og Statens Surring».
Um Bøckmann og Frue var lite aa segja. «De sees
ved Middagsbordet.»
Maalaren Bjølsvik rangla i seinare Tid. Just no skulde
han taka seg upp; Bladi roste han; ei Sæter hadde han
gjort som Folk lika; og eit nytt Bilæte, «Vinterkveld»,
som Kunstforeningi hadde kaupt, sagde Gabriel Gram
var det beste som var gjort i Lande. Men Bjølsvik var
like sæl um alt no; han sat paa Grand og baktala
424
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>