- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
425

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Kvinfolka». Han hadde Kjærleikssorg, sagde Peter
Tordenskjold.

Gabriel Gram leitte med Ljos og Lykt etter ei han
kunde gifte seg med, men torde aldri slaa til; for det
skulde vara heile Live. Naar han var fyllesjuk, vilde
han gifte seg med ei Tenestgjente.

Mange rare Sellar kunde ein finne naar ein gjekk paa
Kaffihus; Georg hadde funni att sin beste Vén fraa
Studenterdagane der. Romi var stuslege og Konjaken
vond, og keidt og leidt hadde dei det; men Karane heldt
trufast ut; og rødde gjorde dei um alle Ting. men mest
um Kvendi. So sat vel Kvendi heime og hadde det likso
keidt og rødde um Mennane. Fraa kvarandre maatte
dei vera. Som det stod i Legenden: «der var et
svelgende Dyb befæstet» millom desse tvo
Menneskje-Helv-tine, som ikkje kunde trivast kvar for seg. Og so sat
ho paa sin Kant og tenkte styvelegt um oss, og me gjekk
paa vaar Kant og lærde oss upp til aa tenkje raatt um
henne; og freista me sist-paa aa finnast att, so hadde
me kvar sitt Tungemaal og kvar sitt Liv og kunde ikkje
semjast; og strakst kom Mannen attende til Kaffihuse;
det var Flaska som heldt best ut.

Skulane burde gjeva Upplæring i dei Syndir som Folk
skulde hangle seg gjenom Live med i eit brutalt
Samfund ; mangt kunde gaa lettare daa. Altfor mykje tufsut
og stygt var der aa sjaa for den som var ute. Laurits
kvitna der han sat; Georg fortalde i harme Ord, at
Helene for eit Par Dagar sidan hadde «afleveret» den
«Ungen», som nok ingin hadde ynskt skulde koma til
Verdi.

Men Laurits kom seg. Ei sæl Von glødde upp i han;
Barne var sjukt. Lite Liv var der i det fraa Upphave;
og fekk det dertil daarlegt Stell, som det sjølsagt fekk,
so vilde det slokne som ei raa Fyrstikke.

425

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0427.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free