- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
426

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Laurits reiste seg og gjekk Golve att og fram i heite
Vonir. Det vilde vera so godt for alle, um Barne fekk
døy. Og daa vart det ikkje Spurlag etter Barnefar,
trudde han. Alt vilde vera dult og døyvt, ute or Verdi
som ugjord Gjerning.

Lengi lengta han etter nytt Brev; for kvar Dag
sterkare. Posten kom Sundag og Torsdag; daa var Laurits
alltid hjaa Postopnaren, orventin og bleik, med meir og
meir Banking i Bringa.

I denne Tid fekk han eit Brev fraa Dagmar som
vit-skræmde han mest.

Ho hadde vori hjaa Fullmegtig Westgaard i Dag,
skreiv ho; og der hadde ho set ei Syn, som ho aldri
skulde gløyme. Det var ei Tenestgjente som maatte ut
av Huse av di ho var ufør, narra av «en Skurk af en
Ingeniør». Ho var eit ungt, vakkert Menneskje, aaleine
i Verdi; no skulde ho ut paa villande Von. Skam og
Naud, og meir Skam, og meir Naud, var alt ho hadde
aa vente; og ho grét som ho vilde graate ut sitt
Hjarteblod. Det var eit Jammers Syn. Dagmar hadde ikkje
tolt det; ho hadde rømt, gøymt seg, i vill Graat sjølv.
Og daa hadde ho set det so klaart: mot slikt maatte
Kvinna gjera Upprør. Alt som Kvinne heitte maatte
slaa seg saman; dei maatte gjera Lag, Forsvarssamlag
mot desse Dyr i Mannfolkham. For kvar ærleg Gjente
maatte det vera avgjord Sak: aldri gifte seg med ein
Mann som var so hjertelaus, at han kunde øve slikt
Nidings Verk. Det skulde dei love, og det skulde dei
sverja; og alle Mennar skulde vita det; annan Maate
var det ikkje, naar ein vilde setja Kvekk i slike
brutale Brotsmennar.

Berre Barne maatte døy, berre Barne maatte døy,
sukka Laurits. —

Barne døydde. Men Georg skreiv, at Sogo var ikkje

426

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0428.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free