Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ute med det; Gjenta var meld for falsk Uppgaave av
Barnefar.
Ho hadde vori hjaa Georg og klaga si Naud; Mor
maatte ikkje faa vita det, Mor maatte ikkje faa vita
det! «Hun har givet op en Sømand, om det kan
interessere dig, Laurits;» men det var visst mange som
gav upp Sjømennar; Daapsbøkane krudde i det heile av
Namn paa Mennar som hadde Sønir og Døtrar, men som
aldri hadde vori til. Det var paa eit Raam, um slik ei
Gjente hadde Greide paa Lovi. Ho vilde lett tru, at det
som greidde seg for sume maatte greide seg for alle;
men det var ikkje aa lite paa, det. Mot verjelause bruka
me Lovi; mot andre bruka me stundom Konduite; og
so vart det ugreidt alt. Det kunde godt hende at Helene
hadde tulla her; «tør du vædde, Laurits?» Og i alle
Tilfelle; kor skulde slik ei Døle kunna staa seg mot ein
Forhøyrsdomar, som sjeldan kom nokon Veg med
Kjeltringar, men kunde tulla skikkelegt Folk rundt som
in-ginting?
Georg sjølv kunde faa vera med i Komedia. Den som
hjelpte ei Gjente naar ho var i slik Naud, han fekk taka
Fylgdine som dei kom; det hadde han visst, og gjort
det endaa. Han var ikkje sentimental; men det var
Ting som ingin var Mann for. Staa roleg paa ei Strand
og sjaa at eit Menneskje dukka under, det klara ikkje
ein Jurist dessmeir. Det han hadde gjort fekk han staa
ved. Gjenta kunde ingin berge lenger; ho sokk; «men
den infernalske Idiot som er Skyld i alt dette, ham
skal jeg engang se i Øinene.» —
Laurits forstod ikkje dette. Det maatte vera Tøv; kva
skulde dei med Far til eit daudt Barn? Han slo seg til
Ro i den store Gleda at no var han fri. Barne var burte,
alt var yvi-stridt; no var her ikkje meir aa fæle for i
Verdi.
427
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>