- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
428

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han vart so glad at han gjorde ferdugt det store Dikte
sitt, «Hymne til hende» i gamallgræske Vers. Han torde
ikkje sende det; laut sjaa det igjenom endaa ein Gong;
men daa skulde ho faa det. Og han kom seg og treivst;
tok heiltupp til aa holdast.

Det som hadde pint han inn i dette med Helene hadde
ikkje heller si gamle Magt. Dagmar var den gode
Engelen hans; var det ein Gong det vilde upp, so tenkte
han paa henne, og daa gav det seg.

Han var vaksin; ferdug med den Jypling-sjuken. Det
var i det heile den faste Viljen det spurdest um; og no
hadde Laurits fengi den faste Viljen. Enno kunde det
hende at Minningar um Samlive med Helene braut upp
att, liksom i ei moralsk Ørske; men slike Minningar
dreiv han fraa seg med Harm.

Etterkvart kom dei likevel oftare att-um. Og dei fekk
meir Magt au, kor det no kunde hava seg. Sjølve
Dagmar raadde ikkje med deim alltid. Ja paa ein utruleg,
pinefull Maate kunde Dagmar og Helene gange i eitt for
han; det var som han stundom miste Magti yvi seg sjølv.
So mykje han kunde heldt han seg ute; gjekk, og gjekk
seg trøytt; men det hjelpte ikkje heller alltid; paa vonde
Dagar fylgde Draumane han som Myflokkar.

Kvart Brev fraa Dagmar var som ein Hjelpe-Hér
mot dei vonde Aandine, helst naar dei ikkje inneheldt
berre Tankar. Men dei vonde Aandine var vakne; kom
han paa den eine eller den andre Maaten ut av sitt
Arbeidslag, strakst var dei der med sine Synir. Det
kunde gaa som i gamle Dagar; han vart vilje-valin;
Draumane magtstal han; og daa vart alt spelegt. Sjølve
Homer kunde faa han til aa gløyme seg burt; alt han
saag, høyrde, tenkte kunde draga han inn-i Draumsöge;
ja um han sat med den argaste Grammatik, —
uforvarande slepte Tanken Take; Augo gleid ut fraa Boki

428

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0430.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free