Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han var ute i Byen; fekk Middag; gjorde Innkaup,
raaka sin gamle Vén Jørgen Holmeland, som hadde
trulova seg og var so glad yvi dette at han ikkje fekk sova
um Nætane; daa han vel var i Ro paa Hotelle att og
hadde kveikt Ljos og stelt seg tilrettes, kom Helene.
Det gjekk i han, med det same han saag henne;
gamall Lystnad fall yvi han som ein Rovfugl, hogg
Klørne i han, so det gjorde vondt; han drog etter Pusten.
Ho fekk Ytreplaggi av seg; og ho saag godt ut. Ein
smaalaatin svart Kjole sat mjukt om den gode Figuren;
ho var magrare enn fyrr. Andlite, var bleikt, med ein
lett Rodnad etter Gongen.
Han hadde ikkje visst at ho var so vakker. Haare
hadde so sett upp paa ein ny Maate, som tok seg svært
godt ut.
Ho vart glad daa ho saag han. Gatetaus-Smilen fraa
gamle Dagar vilde upp; og han saag tydeleg
Skalke-skimten i Augnekrokane, daa ho lagde Merke til det
vesle svarte Skjegge som han hadde lati gro paa
Over-lippa.
Du ser godt ut, du og, Helene, sagde Laurits og fekk
henne til aa setja seg.
Men daa tok ho til aa fortelja.
Det vart ei lang Sogu, leid aa høyre. Rolegt og seint,
med livlaust, klanglaust Maal fra Ringerikskanten,
trøyttesamt, eltesamt som Surr av ein Klegg, fortalde
ho um sitt Liv i denne Tid, og helst um Kjeringi, «den
Satans Kjerringa», som ho hata av Hjartans Grunn, og
som ho aldri kunde faa sagt nok vondt um.
Han maatte høyre alt. Fraa Botnen av skulde han
vita kva det var for eit Dyr, ho hadde vori ute fyri.
Med Munnen stygg av Harm, med ilsk Augnebragd, med
simple Ord, ubljuge, uflidde Ord fraa Grønland, gav ho
han inn Drope for Drope alt det simple og ufjelge ho
430
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>