- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
431

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde røynt og set; kvart vondt Ord, kvar stygg Trætte,
all den laake Framferd og all den ufine Tenkjemaaten,
alt lagde ho fram, raat som det var, med faamut Ihuge.

Han bad for seg; men det nytta ikkje. Ho dreiv paa;
og det var som ho lika seg; det letta aa faa ause or seg
alt dette. Vaterlands Illtev stod av kvart Ord ho sagde;
alt som var fint i han krympa seg og vreid seg; han
leid vondt av, at ho lét slik Raaskap gaa gjenom sin
Munn; men det var ikkje Raad med det; og den Lysti
han ikkje vilde vita um, sat i Nakken paa han som
Senedraatt.

Sant kunde det knapt vera heller, alt det ho sagde.
Det skulde vera tvo Kronur som var skuld i
Uvén-skapen; Kjeringi vilde hava deim for di ho hadde vakt
ei Natt yvi Gunda; Helene hadde sagt, at slik som ho
hadde havt det her burde ikkje Kjeringi hava ein
Skilling. So hadde det bori laust. Sinne og Mothug var
sanka ihop paa baae Sidur i den lange Tid; no kom det
upp; midt paa Tune hadde dei skamskjelt kvarandre;
so høyrdest det daa for Laurits. Helene var ikkje den
som hadde firt; Kjeringi paa sin Kant hadde nytta alle
dei Skarveord som sinte Kvinfolk brukar mot kvarandre
paa Grønland. Tilslutt hadde ho banna paa, at dette
skulde Helene faa trega. «Jæ ska gjøre Dere saa mye
vondt saa Dere tror det itte! Rent skamfert ska Dere
bli, baade Dere og Kjæresten Demses! Du er ikkje saa
fin som du fiffer til, dit lidderlie Svin! Jæ ska nok faa
Greie paa det, jæ, ska du se! Ikkje tror jæ, Dere har
gjet opp rekti Navn for Presten.»

Laurits sveitta. Han fekk upp 01 og drakk; og daa
ho drakk med, fekk han Stundir til aa spyrja etter kva
ho no vilde gjera.

Ja det var det, Helene hadde tenkt aa snakke med
Laurits um. Ho hadde vori for Politie ein Gong alt; og

431

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0433.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free