- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
437

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

V e i t du kva du skal gjera nokon Gong ? svara Georg
spottande. Du driv vel i Veg paa ein Maate no som
elles; men fyrr du lyg for Gjenta di, skal du tenkje yvi
ein Ting: den som tek Fanden paa Nakken maa bera
han fram. Fanden er tung aa bera paa gjenom Live,
Laurits.

Eg skal bera alt, fær eg henne med meg, sagde Laurits.

Ja; so tak Fanden paa Ryggen og ber han fram.

Ei Gjente kom og sagde, at der var innsett. «Du
spiser med, Laurits?» sagde Georg; «vi har Skinke og
tiaarsgammel Akkevit. Kom naa!» Laurits fylgde; han
vilde gjerne sjaa Julie.

Denne var vakker og brun som fyrr; eit Grand
bleikare. Ei søt ung Frue var ho; ingin skulde tenkje at
ho hadde livt vilt. Det einaste kunde vera at ho
kann-hende var noko meir Frue enn det turvtest.

Det vart bytt Ord um Live til Fjells; og Julie sagde
at ho vilde der upp ein Gong. Kantorlive hadde teki
paa henne.

Dermed kom ho inn paa, at ho ein Gong hadde tenkt
aa freiste Teaterlive. Og ho fortalde um Fru Hauge,
«gamle fine Fru Hauge», som ho hadde vaksi upp hjaa,
og som no laag paa det siste. Julie hadde vori nede og
set um henne. «Tænk Dem, den gamle Dame laa og
fantaserte og innbilte sej, at jeg var Skuespillerinne
allikevel.» Men som vel var, det Live hadde ho aldri
traatt etter. «Som Kontordame har jeg havt det meget
mere roligt naturligvis; og jeg var heldig; jeg kom inn
paa et af de største Kontorer i Byen, hos Storr, Di vét,
hvor jeg ogsaa lærte at kjende min nuværende Mann.»

Laurits glytte paa Georg; han sat so aalvorleg som
ein Sokneprest.

Julie fortalde um fleire fine Damur ho kjende, Sofie
Hartmann iser, «en Veninne fra Skolen». Sofie var gift

437

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0439.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free