Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Kva Fanden gjer det, ura eg gjeng utfor Bryggja i
Kveld? heldt han fram.
No er De for melankolsk, meinte Laurits.
«Ikke Spor av melankolsk; ikke Spor av melankolsk,»
svara Kvaale.
Pytt; det var ikkje faarlegt aa liva, naar ein hadde
ein Drope Blaasyre heime i Skaape. Det skulde kvar
Mann hava; ein vart so roleg av det. Ein raadde for
Tingen sjølv daa; kunde gaa naar ein vilde; sleppe fraa
alt, Synd, Sjukdom, Stræv, Plikt, uff! berre gaa sin
Veg; adjøs! Herregud, um ein fekk lite meir Moro i
Verdi eller lite mindre Moro, kva gjorde det. Den som
kunde gaa naar han vilde, so jagu — jagu var det Moro
lell 3,9. gaa her og fumle og sjaa paa Verdi.
Øle kom; han slo i og drakk. Ahh! godt, sagde han.
Han tømde Glase med ein Gong; slog uppi paa nytt og
drakk Resten. Ja no er eg full, sagde han. Maata god
og full. Ikkje det Grand rædd; no vil eg sova. Hu.
Takk for i Kveld. Han samla seg ihop og gjekk, ikkje
fullstød paa Foten.
Laurits kjende seg letta. Han tømde Toddyen i smaae
Drag og fann ut, at han mot mange andre var ein rein
Engel aa sende i Ægteskap.
Og tenk, ein Gut som Kvaale. Han som ikkje tenkte
paa anna enn Politik!
Innanum Døri sat Bjølsvik og banna med dundrande
Maal «dei Helvites Kvinnfolka». Var det Dagmar han
harma seg for? Tru han var verd ei som henne? Kven
var verd ei slik, naar alt kom ihop?
Han vilde ikkje segja Sanningi. Kva skulde det svara
fyri? Sjølv gjorde han seg usæl; og ho fekk ingin som
var betre enn han.
Ei Minning gjekk gjenom Laurits som ein Styng. Ein
Gong for eit Par Aar sidan, i Arbeidarsamfunde, hadde
444
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>