Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
han set Dagmar raudne daa ho saag Bjølsvik. Hadde
ho vori glad i han ? Var der Ting som ho au tagde med ?
Nei, nei. Hadde ho tenkt paa Bjølsvik, so hadde ho
vunni yvi det no. Dagmar var nok ikkje den som gjorde
noko med uheilt Samvit.
«Undskyld, Klokken er tolv,» sagde Husinspektøren.
— Daa Laurits stod upp Morgonen etter, sagde han
seg sjølv, at det som hadde hendt igaar, det var berre
eit stygt Tilfelle.
Det var slikt som ikkje kunde hende meir.
Gudskjelov; heretter skulde han faa vera saman med Dagmar
ofte; og daa vilde alle ureine Tankar døy.
Og so Eksamen um eit Par Aar. Um halvt-anna Aar.
Dersom Morbror Broch viste han fraa seg, fekk han
lite seg med Haud i Staden for Laud; det var ikkje slikt,
Dagmar gjekk etter.
Det fall heilt-upp rart for han, at han hadde tenkt aa
fortelja Syndine sine for henne, ho som var so fin og
so rein, og som ikkje vilde kunna forstaa det dessmeir.
Gjera seg og henne slik Sorg for ein litin Ting! So
litin ein Ting, at Folk som kjende Verdi berre lo aat det!
Men for henne vilde det sjaa fælt ut. Og det var fælt
paa ein Maate. So som han hadde fari fram mot denne
stakkars Helene —; den som ikkje kjende han maatte
tru, at han var ein av dei verste. Laurits Kruse saag
tilbake paa Gjerningane sine og kjende seg ikkje att.
Det var som det maatte vera eit framandt Menneskje
som hadde gjort dette.
Det var ikkje hans Natur, slikt. Elskhug var det han
hadde søkt, ærleg Elskhug. Saart og lengi hadde han
sakna ei som han kunde elske; aa, um han hadde funni
Dagmar fyrr. Og um ho hadde gift seg med han, og
flutt uppaa Hybelen!
Ei vill Von tok Guten: enn um ho kunde vaage eit
445
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>