Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
sagt med so rolegt Mod: at ho ikkje vilde «gaa op i det
at vera forlovet» ... Naah. Han tok seg i det; ein hadde
ikkje Rett til aa tenkje so um Dagmar Dyring.
Men dei hadde vori kalde, dei siste Brevi. Ei Rædsle
tok han; han maatte til henne, han maatte faa Tak i
henne; halde henne fast, so ho ikkje gleid ifraa han;
ljuge; han skulde ljuge og banne paa det; han skulde
segja henne alt det ho helst vilde høyre; han skulde —.
Eit Braasinne koka upp i han mot Helene. Dersom det
Menneskje paa nokon Maate kom i Vegen for honom
og Dagmar, so skulde han drepa henne! Han skulde
sverja falskt; han skulde faa henne paa Tukthuse; det
skulde kvitte honom eitt kva han gjorde mot henne,
dette Krype som drog han uppi alt ufysi og stygt, og
som kanskje til Slutt fekk Politie paa han, og øydde
reint hans unge Liv, som kunde vera so rikt paa Vonir!
Han vart roleg att og tok til aa klæde paa seg. Det
einaste han hadde aa gjera var aa tala med Dagmar.
Og det var vel likevel best aa • • • ja ljuge vilde han
ikkje; det sagde seg sjølv. Det var greidt at det var
ho, som burde avgjera Saki. Det vilde vera so godt og
greidt um han kunde segja henne alt; ein burde ha eit
Menneskje som —. Dessutan kunde ho finne paa aa
spyrja sjølv; og daa var det ikkje visst um han kunde
ljuge so ho trudde det. Han skulde segja det so
pynte-legt. Berre noko um «Ungdomsfeiltrin»! Ja; han vilde
segja alt. Tenk um ho dømde mildare enn han trudde.
Naar ho saag, kor glad han var i henne —; og
kannhende ho ikkje var so streng som fyrr heller. Ho kunde
ha lært eitkvart; ho kunde ha komi etter, at Mannfolk
var soleis; at det var noko som maatte so vera.
Han fiffa seg upp til fin Visitt. Nye Snippar og
Kragar hadde han kaupt; han valde ut dei kvitaste.
Klædi sine kosta han aalvorsamt; det verste var at det
var komi ein Toddyflekk paa Buksa. Han tok paa seg
447
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>