- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / I. Bondestudentar. Mannfolk /
448

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

dei nye svarte Hanskane, og Hatten, ein stiv Hatt som
han saag rask ut med; kosta seg endaa noko til; tok
so Regnhatten og gav seg paa Vegen. Paa Torgi kom
han seg inn i ei Sporvogn.

Han kjende seg nobel og fin. Det einaste som minte
um Armod og laakt Stel var Styvlane; dei var eit Grand
skeive. —

— Dagmar venta ikkje Laurits. Ho sat heimeklædd
ved eit Bord i Daglegstogo og skreiv; men Pennen vart
rett som det var kvilande millom Fingrane hennar; ho
hadde nok mest Hug til aa tenkje.

Ho saag uglad ut.

Det var ein litin Ting som hadde hendt henne, og
som kom for henne mang ein Gong. Paa ein Fest i
Arbeidarsamfunde hadde ho set Bjølsvik saman med
den unge Fru Jonathan. Dei tvo hadde gjort Kur til
kvarandre; det hadde ho set. Tydeleg hadde ho set det.
Og det hadde gjort henne vondt. Dersom det var sant,
det Folk fortalde um Fru Jonathan, og det skulde vera
sant, so maatte ho vera eit simpelt Menneskje; og
Dagmar kjende Sorg yvi, at han skulde ha Lag med ei slik.
So sterkt hadde dette tyngt henne, at Natti etterpaa
hadde ho mest ikkje kunna sova. Urolege Tankar hadde
kveikt seg i henne: um det kannhende likevel skulde
vera Bjølsvik ho burde tenkje paa?

Morgonen etter hadde ho klaart og rolegt vist alle
slike Tankar burt. Den rette maatte vera den som
forstod henne; og det var ikkje Bjølsvik. Ho hadde gjevi
sitt Ord, og det skulde staa; ho vilde ikkje vera
uvederheftig som eit Mannfolk. Men endaa kunde Tankane
koma att. Tenk um no han kasta seg burt! Um ho
ikkje hadde vori som ho skulde imot han!

Ho var i det heile leid av seg. Ho dugde til ingin
Ting; og ingin hadde Bruk for henne. Det ho hadde
aa gjera var smaatt og spreidt; inginting fyllte henne;

448

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/1-1944/0450.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free