Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
alt vart upp i Plukk; aldri noko aa samle seg paa; aldri
noko Utslag. Og so kunde ho ikkje so mykje som
syrgje yvi dette heilt og sterkt; ho gjekk berre og var
smaaleid, smaakeid; hadde ikkje Ro. Og Gud veit um
ho kunde segja med Sanning, at ho elska den som ho
hadde valt seg. Ho hadde Godhug for han, og ho trudde
han godt; men aa elske, det var noko meir, kannhende.
Ho burde ikkje ha gjort det av so fort. Ho burde ha
venta; det hasta daa ikkje med aa gifte seg. —
— Bleik som ein Friar stod Laurits ute paa Tramen
og ringde paa; og Hjarta hans slog, so han høyrde det
heilt upp i Hatten.
Ho kom sjølv ut. Det var som ho kvakk med det
same ho saag han; men strakst vart ho glad; svært
glad.
So dragande ven hadde han aldri set henne. Den
friske Munnen feste Augo hans s eg ved, den
kirsebærfriske Munnen; den drog; han skulde ikkje; men ho
venta det visst; det vilde vera rart um han ikkje —;
han famla seg inn til henne; fann Munnen; var sæl ein
halv Sekund. Men han skulde visst ikkje ha gjort det.
Ikkje enno.
Ein simpel graa Heimekjole sat tett og vakkert um
henne; kvar ny Kjole han saag henne i klædde henne
best. Ho var so mjaa og jomfrueleg og ung. Og so den
veldige Haarfletta i Nakken.
Daglegstogo var utan all Stas. Der var ikkje
kose-legt heller; men ho var her; og ender og Gong fekk han
sjaa henne inn i Augo. Ho var so kjærleg imot han i
Dag; ho gjorde seg fyri med aa vera kjærleg. Ho lo
aat han, av di han var so «solbrændt og rustificeret».
Alle Syndir og Sorgir kom burt som i ei Töku; det lét
seg ikkje gjera aa faa deim med her inn. Men han burde
ikkje ha kysst henne. Ikkje enno.
Gamle Dyring var svært kvik; han gjekk i et usløk-
449
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>