Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
8
HJAA HO MOR.
heile Kvelden, og lokka og lirka og gjort seg til; og
ør og fortrylt var eg; og slik ein ung og urøynd
Gjent-unge som eg den Gongen var, so veit De det gjekk
vel alltid eit Grand innpaa meg aa sjaa dette store lange
Mannfolke so reint ille farin; ja; so vart det daa til det
at han fekk som ein halv Lovnad, og —; eg skal
segja Dykk, han för fram med slik ein Ofse, at han
skræmde meg mest! — Det kann eg godt forstaa. —
Og sidan tedde han seg som Festemann; tok imot
Gratulasjonar og sende ut Kort; alle priste meg sæl
og misunnte meg; og Prestfolke som eg var hjaa, dei
tottest ha gjort reint eit Ovverk, daa dei hadde fengi
meg so godt gift. Som rimelegt kunde vera! Kven
skulde vel tru anna enn att dette maatte gaa godt!
— So rik som han var ja! — Ja? Og unge raske
Folk var me baae tvo; og dessutan —, ja han var no
reint hugtekin; og eg hadde kje noko serskilt imot han
heller, den Gongen; det einaste kunde vera dei Augo
. . . — Aa ja; men det var daa kje noko aa bry seg
um. — Nei. Glad var eg med aa faa Fot under eigi
Bord og; for kor godt eg hadde det hjaa Presten, so
veit De korleis det er: den som skal vera baade
Tenest-gjente og Dotter i Huse, so vert det liksom so utrygt.
— Aa Gud ja. — Men slik er det; ofte naar det ser
best ut . . . — Ja det gjeng sjeldan godt, naar dei er
so for glade i kvarandre. — Nei, det hev eg alltid
høyrt. Men kva skulde eg gjera? Naar han endeleg
vilde, og naar alle talde til . . . — Det var kje anna
aa gjera enn det De gjorde, Fru Holmsen.
— Og so gjekk det daa sidan som det kunde, heldt
Fru Holmsen fram, og ikkje som det skulde. Ja i
Fyrstningi var alt godt og vel, veit De, — mest altfor
vel; han kringsette meg med Gaavur; heldt Hest og
Vogn til meg, og stasa meg upp med Kjolar og
Klæd-ningar som var so fine, at eg snaudt kunde gaa med
slikt her upp-aa Bondelande. — Hugsar det nok; hugsar
det nok!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>