- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
14

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

HJAA HO MOR.

So kunde ho daa faa seg Hus paa ei Gjerd. Ei ljos
stor Stogu med Kjøk fekk ho til tvo Dalar Maanaden
utmed Bordtuftom ein Stad; der var Utsyn til Gata og
Sol, og Fru Mühlberg hjelpte til med Innreidingi, so
der vart nokorlunde verande. Og no kunde ein daa
ikkje bli husvill meir. Jamenn var det godt aa hava
noko visst; og det um det ikkje var so mykje heller.

Det vart ei god Tid for Fru Holmsen no. Alt gamalt
Kjendsfolk hugsa henne baade med Helsingar og anna;
ja um det var Folk som i Holmsens Tid hadde haldi
seg fraa Huse, so tok dei no til aa gjera seg kjende.
Og underleg nok visste ingin um det som sist var
hendt; det vart aldri nemnt noko um dei tri Dalane til
Fanny. Det var nok eit Grand Folkeskikk i desse
Smaa-byfolki lel, kunde ho skyna.

Fraa Nils, Bror sin, fekk ho um ei Stund Svar paa
det Breve ho hadde sendt um Kristianiaferdi; og Svare
var rett beinsamt.

Nils totte der var Vit i Tanken; han vilde hjelpe
henne so langt han kunde, baade med Pengar til
Sy-skulen og med Hus. Ein leid Ting var der: Kona
hans kjende seg ikkje god til aa taka imot Fanny.
Endaa um dei hadde havt Rom kunde ho kje gjera det;
ho var veik med Helsa og maatte hava Ro. Og Fanny
var vel ikkje rett so stillfarande av seg no for Tidi,
kunde han tenkje. Men det maatte vera Raad med aa
faa Fanny inn einkvar annan Stad for den korte Tidi,
meinte Nils; og um so var, so kunde Fru Holmsen
koma naar ho vilde.

— Ja sjølvsagt maatte det vera noko i Vegen! Dette
Svare var i Røyndi jamgodt med nei. Kor skulde ein
gjera av Fanny, so brysam og leid som ho no var? —
Hjaa Fru Mühlberg? Det maatte vera det einaste. Men
no um Sumaren og ut-etter Hausten hadde Fru
Mühlberg nok og meir enn nok med Hotelle sitt.

Aa nei; det skulde vel bli raadlaust, kunde ho tru.
Ho hadde havt det for godt eit Bil; og for det skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free