- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
15

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

15

ho no svide. Ho fekk leggje seg i Logn til eit anna
Aar. Daa vart Fanny større; og daa kanskje det kunde
jamne seg. Dermed var det Aare au spillt. Men naar
det skulde so vera, so fekk ein finne seg i det.

Med stor Uhug tok ho til med Sümarsaumen sin.
Det var ei Trøyst at ho kunde sitja burte hjaa Folk
mykje; det var som Tidi gjekk lettare daa.

Fanny fylgde med fraa Hus til Hus, naar ho elles
vilde. Men det var ikkje alle Stadir den vesle lika
seg; venteleg gjorde dei kje alle Stadir like mykje Stas
av henne. Stundom vart ho daa send i Veg til
Sakførar Lehmann eller andre gode Kjenningar med den
Helsingi, at ho „skulde faa vera her i Dag". Og so
snilde var Folk, at dei alltid tok imot henne.

Det kom vel noko av at Ungen var so løgleg.
Sakførar Lehmann fann henne reint makalaus; naar han
kunde faa henne til aa syngje eller „preike", fekk den
gamle Skjemtegauken seg sin beste Laatt.

Ein av dei Stadine der ho lika seg best, var hjaa
Grosserar Johannesen. Der var det tvo Mostrar som
slost um henne; og ho fekk Slikkegodt og Sukkerty,
so ho mest for-aat seg. Og til Leikebror hadde ho
han vesle Frits, Kjærasten sin. Det var reint løglegt
so godt som dei tvo kom til Lags. Tenk um det, som
no var Gaman, kunde bli Aalvor ein Gong; tenk um det
kunde bli eit Parfolk av desse Ungane! Det kunde vera
noko, tenkte Fru Holmsen.

Um Lag jamgamle var dei, runde og digre som
Rullepylsur, han sjømannsklædd og hjulbeint, ho graa
og ljos. Dei heldt seg mest ned-i den store Hagen til
Johannesen, der Kirsebærtréi stod med Fennar av kvit
Blom, og Aplane au tok til aa bløme og blaga i kvitt
og rosebleikt. Men i Blomesengjom lyste Symre og
Nykleband og Vaarblomar av alle Slag, og i Dammen
siglde Andemor med alle sine trill-runde gule Ungar.
Nære ved, uppe paa ein Stolpe, var der eit Hus, der
det budde Duvur, snøkvite, staalblaae, glansviolette,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free