Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
16
HJAA HO MOR.
forunderleg fagre; berre dei hadde havt so mykje VU
at ho kunde ha fengi klappe deim paa Ryggen. Det
gildaste av alt var Leikvollen, der Huska og Ringane
var; der hadde Frits Stall til Hesten sin au, ein stor
Hest som gjekk paa Meiar. Og so hadde han
Bygnings-timber som ein kunde byggje Kongsgardar og
Krigs-borgir av; Fanny for sin Part lika best aa byggje
Kyrkjur.
Vart det keidt i Hagen, so rusla dei ut i Byen.
Dei gjekk og heldt einannan i Hendane og var
Kjærast-folk. Utanfor Krambuglasi stod dei og glodde; Fanny
valde ut det ho hadde Hug paa, og Frits skulde kaupe
det aat henne naar han vart stor. Ender og daa gjekk
han inn-til henne og lyfte upp det vesle blaae Sløre
ho hadde for Andlite og kysste henne; det totte Folk
var løglegt. Dei stana upp i Gata og lo; Tenestgjentur
og Krambukarar stod paa Troppine og lo; unge Frøknir
sat attum Gardini og smilte og nikka til deim. Det vart
gjort ei Vise um desse tvo smaa Kjærastfolki, og den
Visa vart til ein Folkesong i Kristiansborg:
„Aa Frits Johannesen, det Bustehu’e,
ho Fanny Holmsen skal bli hans Frue;
og er det laga, so er det likt; —
i Byens Kyrkje dom skal bli vigt’.
Og Presten Pukstad skal vi’ dom samen,
og Klokkar Eilertsen skal segja Amen.
So gjev Fru Holmsen ei Steik so fin;
men J. Johannesen gjev Brennevin!" —
— Det var elles paa dei Tidir no, at Fanny laut til
aa lære eitt og anna; og det gav Fru Holmsen mangt
aa tenkje paa. Vrang og vill var Ungen, med alskyns
Paafynster og ymist Tull; det vart ingin Leik aa faa
Skikk paa henne.
Fru Holmsen byrja med aa lære henne Fadervaar.
Kvar Keld naar ho hadde lagt seg, laut ho segja fram,
etter Fyrisegn av Mor si, desse Bønine som var so
vande aa hugse: Fader vaar —; helliget vorde —; ho
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>