- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
17

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

17

vart arg stundom og sagde nei, men fekk daa vita at
Gud ikkje lika uskikkelege Smaagjentur. Og Gud var
ein stor Herre som kunde gjera med oss kva han vilde,
ja taka Live vaart og etterpaa stengje oss inne i ein
Bakaromn; so Fanny laut agte seg for aa erte upp den
Mannen. Men var ho snild, og glup til aa lesa
Fader-vaar, so vilde Gud au vera snild mot henne; for snilde
Born lika han. Var Fanny ikkje reint i Ulag, so lét
ho seg segja med dette; helst saag det ut til at ho tok
Fæla, naar Mor hennar fortalde um den gloheite
Bakar-omnen.

Det tok til aa bli vandt aa halde henne burte fraa
Gata og Bord-Tuftine. Ho vilde ut og leike seg. Men
Fru Holmsen vilde ikkje vita av det; Dotter hennar
skulde ikkje vekse upp i Lag med alle dei Fatig-ungane.
Det vart mykje Uhugnad av dette, og mykje Leidskap.
Raadlaust var det aa setja Forbode igjenom strengt au.
Vilde ein hava Fred ei Stund, laut Lovi av og til sova.
Det kunde vel ikkje vera so faarlegt for ein Gong
Skuld heller. Daa visst ikkje no med’ ho var so liti. —

— Det skulde bli eit Grand Gaman i Kristiansborg
lel den Sumaren; ein Dverg, Admiral Picklonomini,
kom paa si Rundreis til Byen og synte seg fram. Han
„tala" paa den store Salen i Fru Mühlbergs Hotel um
Napoleon den store; og Fanny fekk vera med aa sjaa
han. Han kom fram paa eit stort Bord i ei naud-ven
Mundering; so tala han paa noko som skulde vera
svenskt, og vart vel fagna. Serleg vart Fanny glad i
han; og Dagen etter maatte Mor hennar taka henne
med seg til Fru Mühlberg, so ho kunde faa gjera seg
kjend med Karen. Og no vart Admiralen paa si Side
so hugtekin i Fanny, at ho maatte vera der ut-etter
Dagen og leike med ’n. Dei skyna kje Maale til
kvarandre, men tala saman like godt, og lo saman; og
Dagen etter maatte Fanny koma att. Enden vart, at
Admiralen vilde ha si kleine petite amie med seg paa
Framsyningi næste Gong. „Admiralinna" tenkte seg

2 — Garborg. II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free