Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
18
HJAA HO MOR.
um; svara so ja; og daa Admiralen lova Fanny „en
Mark’e", so lét Fru Holmsen det like eins skure.
Det vart ein gild Kveld. Upp-aa det store Borde
stod det eit lite Bord, der Admiralen hadde Bøkane
sine; attmed dette stod det ein Barnestol, som og vanleg
var til hans eigi Bruk; der sat Fanny no og præsidera.
Folk kom i slikt Godlag ved dette, at Fru Picklonomini
vaaga paa og gav heile Framsyningi uppatt; daa vart
Salen stappfull. Og Moro vart der. Fanny var so
upp i Vére at ho sjølv tok til aa gjera Kunstir, med
Minur og Teikn til Folk; og dette vart der slikt Gaman
av, at Admiralen, som og laut læ, maatte slutte med
Tala si fyrr han var ferdug.
Naar Fanny sidan skulde gjera sine Smaakunstir for
Folk, hermde ho alitid etter Picklonomini. Og det
gjorde ho med Klemb: „En ’tor man — en liten man!"
deklamera ho; „en liten man — en ’tor man! Men en
’tor man, — mycke liten man, og mycke liten man —
mycke ’tor man!" Gamle-Kari lo so Taarune rann:
„Haa, haa, haa! det klær, det klær, sa Grisen, fekk
Snørliv!" —
— Den laake Aarstidi hadde teki til, og det paa
same Maaten som vanleg. Det som vart tent i
Arbeidstidom var ikkje meir enn at det strauk med
noko-so-nær etterkvart; dessutan skulde ein hava seg
eit Plagg so ender og daa, og eit Par Sko, og lite ny
Pynt til den gamle Staskjolen; Fanny skulde hava sitt,
ho med; og kom so dei arbeidslause Tidine, eller um
ein vart sjuk ein Gong, so var det svarte Matnaudi
med same. Og so var det det gamle Gnage daa: liva
paa Jordeple og Mjølmat og ei Sild att-imillom, slite
seg fram med Borging, men smaatt, so det kunde
halde ut; og so elles lite paa, at det kunde falle ein
Godbit av so ender og daa fraa Borde til gamle
Kjenningar; — aa jau, ho kunde den Visa no, Fru Holmsen.
Og endaa var ikkje Matnaudi det verste. Det verste
var, at Tidi fall so lang. Det kunde vera leidt og lang-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>