Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
HJAA HO MOR.
Fru Holmsen bar upp Maalemne; Jomfru Henriksen
gav eit naadigt Svar. Det fekk vera som ho hadde
sagt i Breve sitt, sagde ho. Holmsen hadde vori henne
slik ein Gagns Mann i Forretningi, med
Rekneskaps-førsle og Greiding av Vanskar, at ho vilde vera rimeleg
mot han att so langt som Raad var. Ja eg veit nok
kva Folk segjer, lagde ho til; men De veit, at skulde
ein høyre etter Folkesnakk, so vart ein snart graa i
Hovude. Elles hadde ho alltid vori barnegod; og naar
det dertil var Born som var heimlause aa kalle, — og
naar Frua ikkje hadde onnor Raad —; det var alltid
so vondt aa segja nei, totte Jomfru Henriksen. Stelle
Born trudde ho nok at ho forstod seg paa; Frua turvde
ikkje bry seg i so Maate. Fanny skulde faa det som
dei tvo andre hadde det; og daa vilde Holmsen vera
fornøgd. Ho hadde tala med han sjølv um dette; og
for hans Skuld, som sagt; og naar Frua var i slik
Naud . . .
Fru Holmsen tagna meir og meir. Ho lét Fanny vera
etter og gjekk, med samanknipin Munn og heit um Augo. —
— Det stod godt til med Bror Nils, men mindre
godt med Marie. Ho vandra um i Huse framand
og fordrøymd, og hadde kje Greide paa nokonting.
Det var ein halvtrylt Teolog ho var komi i Hendane
paa; og han hadde sett det i henne, at ho og han
sjølv og nokre til skulde fara livande til Himils no
snart. So gjekk daa Marie Pedersen og venta paa
dette, og heldt seg reidug stødt, so Brudgomen, naar
han kom, ikkje skulde finne henne sovande. Ei Gjente
styrde Huse, og det gjekk som det kunde. Det var
som Nils hadde sagt: her var ikkje Rom aat Fanny.
Fru Holmsen sjølv fekk det godt nok; og so hadde
ho Lykka med seg og kom inn hjaa Systrane Mehlum
i Prinsens Gate. Systrane Mehlums Sy-Etablissement
galdt for eit av dei beste i Byen.
Her lærde ho Kjolesaum og høyrde nytt; dei visste
all Ting, Gjentune her, og meir enn dei vel kunde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>