- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
25

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

25

hava godt av. No um Dagen var det ein stor Fallit,
dei heldt paa med; Spursmaale var, um den fine Ætti
til Grosseraren kunde fri han fraa Tukthuse.
Tause-sögune hans forfor dei kunnigt og vel; det var likt
til at Grosseraren i den Vegen og hadde vori ein leid
Kar. Og endaa meinte süme at han hadde sine
Over-mennar. Ein Mann som Thomas Trondby hadde nok
endaa fleire Syndir paa sitt Samvit; og Henrik Lund
vilde dei kje snakke um dessmeir. Elles var det no
det med Henrik Lund, at han hadde denne Kona; naar
det kom til Stykke so var ho ikkje stort likare, ho.
Ja det var ei av rette Slage det; ho var verre enn
baade den og den. Det var elles ikkje godt aa vita
kven som var verst; dei var ikkje svært mykje aa tru,
desse fine Fruine. Det saag me her den Gongen daa
dette fæle kom upp —; tenk, dei hadde haldi seg med
reint simple Fyrar som dei betala ... Og daa dei
kom for Politie — ja so vidt var det komi at Politie
fekk i det —, daa var dei endaa so forherdige at dei
forsvara seg. Kva skal me gjera? sagde dei; Mennane
vaare hev sine Gjentur . . .

Fru Holmsen tenkte med seg, at det var nok ikkje
verdt aa tru alt det ein høyrde heller. Men Byen maatte
ha versna kor som var; for ho hadde nok høyrt gjeti
utrugne Mennar i si Ungdoms Tid, men aldri utrugne
Konur. Ja det kunde vera bland reint simple Folk
. . . og so ein sjeldan Gong millom dei alra-finaste;
som t. D. den Hoff-Frua, som maatte upp-aa Slotte
kvar Gong Kongen var her; men det var no paa ein
annan Maate med det. Aa jau; det skulde koma til
aa sjaa ut i Verdi, dersom Kjeringane gav seg til aa
laupe galne tilliks med Mennane! —

— Det vart ein sur, vaat Haust med Regn og Søyle,
so Byen tok seg ikkje noko godt ut. Eitkvart skulde
det vera i Vegen, maa-vita. Med Føtane var det verst;
sjølvsagt hadde Skomakaren sytt for det at Styvlane
var utette. Men det var Moro aa vera i Byen lel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free