Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
26
HJAA HO MOR.
Det var slik Framferd i Folk her; dei gjekk kje og
dilta og drog seg som upp-aa Bondelande. Det var
reint som ein fekk eit nytt Liv i seg berre ein kom
ut paa Gata.
Og slik som Byen vaks! Ho gjekk og gledde seg
som upp-i eit Eventyr. Best som ho var heime i sin
eigin By, der ho kjende kvar Gatestein og kvart Søyledy,
stod ho framand og fortrylt i nye Gatur som ho aldri
hadde set fyrr. Sjølve Grunnen var umsnudd; Høgdir
var burtkomne og Dokkir fyllte.
Men Jomfru Henriksen fekk ho meir og meir imot; og
mindre og mindre kunde ho tru, at Borni hadde det
som dei skulde i det Huse. Det var nok ikkje berre
av det gode, at dei var so stille og rare, Lea og Tom.
Naar ho kom til aa vera aaleine med deim, klengde
dei seg inn til henne og bad um aa faa vera med
heim; faa vera med deg heim, Mor, sutra Tom, faa
vera med deg heim, Mama mi! Kom so Jomfrua inn
att, stiltra dei seg burt og gøymde seg kvar i sin Krok,
liksom dei skulde ha gjort noko gali. Fanny, som ikkje
hadde Vit nok til aa styre seg, skreik som ho var vill,
kvar Gong ho saag Mor si: eg vil vera med! eg vil
vera med! Og det vart verre og verre aa sleppe ifraa
henne.
Fru Holmsen hadde gjerne eitkvart godt med til deim
naar ho kom, helst um Sundagen; og det var hardt
aa sjaa kor hole dei var etter kvar minste Biten. Og
so stygt som Jomfrui glodde paa deim naar dei aat.
Lea, som best kunde styre seg, lagde gjerne sitt Stykke
i Lümma og sagde at ho vilde eta det upp „naar ho
fekk Mathug"; — aa jau; det skulde ho faa oss til aa
tru! — Dei hev ikkje godt av aa eta millom Maali,
sagde Jomfru Henriksen. Eg tenkjer dei hev godt av
aa eta naar dei er svoltne, meinte Fru Holmsen. Ja
De trur no vel ikkje at dei svelt her? spurde Jomfrua
og letst smile. Eg kann ikkje tru at De er so . . .
hjartelaus, svara Fru Holmsen, ho drog paa det; eg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>