- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
27

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

27

vilde nok vita korleis den skulde ha det i si ^iste
Stund, som hadde det aa tenkje paa, at ho hadde svelt
eit Barn! — Eg hev det kje paa den Maaten eg,
meinte Jomfrua; og%De tarv visst ikkje setja Dykk i
Kostnad for Borni si Skuld. — Aa, det gjeng i deim
det dei fær, ser eg, svara Fru Holmsen.

Det kom til Ordskifte ender og daa. Og dei kunde
erte seg upp, til dei gjekk rundt kvarandre som tvo
Kjettur, med Klørne kvar Stundi uppunder Augo paa
kvarandre, rykkjande, klaabrennande etter aa hogge til.
Det var fælt at ein ikkje kunde faa sleppe seg laus,
totte Fru Holmsen; men der var inga Raad; berre ein
sagde eit Ord, so —: „ver so god tak Ungane att!
ver so god! inginting i Vegen! gjerne for meg!" —
Ish, for eit Menneskje.

Men var det so at Borni gjekk der og svalt, so maatte
og skulde ho gjera ein Utveg. Um ho so laut gaa til
Holmsen att —; for Borni si Skuld fekk ho gjera det.
Og naar ho kom for deira Skuld, so maatte vel han
og taka til Vite. Han kunde ha so lite Hjarta han
vilde for Borni sine, so visste han daa at dei maatte
ha Mat.

Ho gjorde seg kjend med Tenestgjentur og
Skure-kjeringar og kven-som-helst i den Garden der Jomfru
Henriksen budde, og fekk daa høyre mange Slag. At
Jomfrua var rædd for Maten var noko som alle visste;
og Juling fekk Borni rett som det var; det kunde ein
høyre heile Gata burt-igjenom. Det var kje nokon
Stad for Born aa vera i det heile der. Holmsen sat
hjaa Jomfrua og tura mest kvar Kveld; og naar han
gjekk att, — „ja det ser me um Morgonen". Ho,
Jaala, gjekk og innbilte seg, at han vilde ha henne;
men me fekk no sjaa, naar han hadde gjort Ende paa
Pengane hennar; og det kunde vel ikkje bli so lengi
til. „Nei; var det eg, so skulde no Borni ut av det
Huse; og det heller i Dag enn i Morgo!"

Fru Holmsen spurde upp Mannen sin. Han hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0033.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free