Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
28
HJAA HO MOR.
gøyrrtt seg godt; men ho fann han. Og ho fortalde
han, at Borni hans svalt. Men han var den same som
han hadde vori. Han vilde inkje høyre; gjekk berre
att og fram paa Golve og vreid seg. Det er greidt,
ja, murra han; Bysnakk og Slarv ja; det er noko for
deg! Ho bad og tagg; ho tok til Graaten; talde for
han so det kunde røre ein Stein; men ingin Ting beit
paa han. Um han ikkje skulde faa vera fri Gnage
hennar no heller? sette han i. Um ho hadde sett seg
fyri aa forfylgje han, til han laag i si Grav? — Med
Borni hadde han gjort det so godt som han kunde.
Han visste ingin annan Stad aa gjera av deim. Hjaa
Jomfru Henriksen hadde dei det godt; dei fekk Mat og
Klæde so dei berga seg, og meir Folkeskikk enn dei
kunde lære av Mor si. Fanny kunde og faa vera der;
og daa var Semja uppfyllt fraa hans Side; — du tarv
visst ikkje bry Amtmannen der uppe for den Skuld!
grylte han. Ja du trur kanskje ikkje eg veit det? . . .
at du vil hava Resolution paa meg som paa ein annan
Slusk! . . . Endaa rart, at du ikkje vil hava meg paa
Kronarbeid! — Aa, meinte ho, du slepp fraa alt du;
du hev nok visst aa stelle deg so. — Kva vil du eg
skal gjera daa, Menneskje! Det eg aatte der uppe hev
du hjelp meg ifraa; og noko anna hev eg kje fengi
enno; og fær ikkje heller; og er leid av alt; gjev
Fanden i heile Greida . . . ish! det forstend ikkje du. —
Nei det er greidt, at ikkje eg forstend noko; men so
mykje forstend eg, at dersom du lét meg faa det som
du sumlar burt ... — Reis til Helvite, Madam! No
vil eg kje høyre meir av dette Vase ditt; forstend du
det? adjø! — han treiv Hatten og rømde; der stod ho.
Ho gjekk graatande heim.
Aa, so raadlaust og stygt og fælt som alt var. Ingin
aa gaa til nokon Stad; han som skulde vera den
næ-maste, han var den verste.
Han var verre end fyrr. Og so forkomin som han
var. Tenk; dette skulde vera Skogkongen. — Aa jau;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>