Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
31
billeg Bustad; tok til aa Ilva paa Mjølmat, Jordepie og
Sild; skreiv so til Holmsen og naudbad og naudtagg,
at han maatte hjelpe henne for Guds Skuld med nokre
Dalar, naar det leid yvi Helgi; so vilde ho taka Borni
heim strakst, og sidan sjølv med Guds Hjelp forsyrgje
deim.
Ho vart rolegare etter dette. Men Hovudverken
heldt paa. Etterkvart vart det verre, so ho stundomtil
laut halde Sengi. Og naar ho var klen nytta det
ikkje med Mjølmat og Sild; ho maatte skaffe seg Mat
som ho kunde faa noko ned av. Fanny aat som ein
Arbeidsmann. Ved gjekk det mykje av, daa Bustaden
var kald; Fru Holmsen tok mest til aa trega paa at
ho hadde skrivi etter Borni. Det leid til Jol; sümt av
det Arbeide ho hadde fengi laut ho gjeva fraa seg att,
daa ho ikkje kunde lova det ferdugt. Gamle-Kari maatte
ein Dag til „Mangfoldigheta" med Gullringen; sidan
gjekk Klokka og Silkekjolen same Vegen. Det vart
verre og verre aa faa paa Borg; allstad var ho skyldug.
Det var Haltemikkel ein meir og meir fekk halde seg
til; men Gamle-Kari lét um, at han ikkje var fullblid
lenger, han heller. Me fær segja som Guten sagde,
daa han fekk Ris um Joleftan, lo Gamle-Kari: det beinar
seg til god Jol!
Fraa Holmsen høyrde ho ingin Ting, og glad fekk
ho vera. Kva vilde det nytte Borni aa koma heim
som her no var stelt? Dei kunde likso godt svelte
ute som heime. At ikkje han hadde noko aa hjelpe
deim med um dei kom, det burde ho ha visst; han
maatte vel fyrst og fremst hava til Brennevin.
Gud veit um ho ikkje snart laut til aa drikke ho au
no. Denne endelause Hugverken tok Live av henne.
Ho fekk ikkje Fred um ho sov heller; ja Draumane var
snartsagt det verste. Borni gjesta henne kvar Natt, blaae
og bleike; dei grét og søkte Hjelp, men kunde ingi
Hjelp faa; ho var stiv, ho kunde kje røyve seg; der
kom Jomfrua; ho hadde den lange Kniven sin og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>