- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
32

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

32

HJAA HO MOR.

vilde slagte deim til Middag; eller det var Holmsen;
han kom hoppande som ein Hund, ein galin Hund,
blodraud i Augo, med store Tennar; vilde bite, bite
. . . aahhü Ho vakna med ein Skrik, sveitt og
skjelvande.

Det var ikkje mange som hugsa henne i denne Tid;
endaa Fru Mühlberg saag ein sjeldan. Dei hadde vel
annvint til Helgi kvar med seg. Og so budde ho
so avbakeleg, i Bakken ovanum Kyrkja, der det ikkje
var Gatur dessmeir, berre Gangstigar og Søyle, daa det
berre budde Arbeidsfolk der; skikkelegt Folk kunde
visst ikkje finne henne. Og slik var det i Verdi; ute
av Augo, ute av Sinn. Dei tenkte vel ho var framfødd
og no, daa ho hadde vori i Kristiania og lært
Kjolesaum.

Vesle-Jolaftan kom. Det var tomt i Huse; og Fru
Holmsen hadde Hovudverken sin. Fanny vart send
til Lehmann; Fru Holmsen laag og venta paa
Gamle-Kari.

Daa banka det lint paa Døri. „Kom inn!" — Døri
gjekk upp. I Dørgape viste seg fyrst Tom og so Lea.

Fru Holmsen vart so glad at ho vart frisk. Kom
dei no, so kom dei kje tomhendte. Og tenk so gildt
aa faa Borni sine heim til Jol! — Ho sprang upp i
berre Line som ho der laag, og tok imot deim med
Gledetaarur.

Men dei kom tomhendte. Papa hadde ikkje havt
noko aa gjeva deim. Og Jomfrua hadde vori so vond
so; Papa var til Uvens med Jomfrua.

Daa sette Fru Holmsen seg beint ned. Ho var graa
i Andlite. Blaae og bleike stod Borni der, reint
forkomne av Kulde. Vesle Tom tok til aa sutre og beda
um Mat. Dei hadde eti upp Nista si for lengi sidan,
sagde han.

Fru Holmsen reiste seg og tok til aa klæde paa seg.
Ho sette upp Haare; stelte paa Hatten; tok ny
Hals-krage; gjorde seg ven. Ho fekk gaa til Haltemikkel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free